Uttak frå kapitalkonto før sommarferien

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal har inntil 3 vekes sakshandsamingstid på søknader om uttak av pengar frå kapitalkonto som vert forvalte av oss.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

I samband med sommarferieavvikling og lite folk på arbeid i juli, er det viktig at søknader om uttak av pengar vert sendt inn i god tid, og helst så snart som råd, slik at ein skal være sikkert på å få pengar overført før ferien.

 

For å korte ned sakshandsamingstida bør du som verje søke digitalt via Altinn, gjennom www.vergemal.no under «skjema». Hugs også på at verjehavar (over 12 år) skal samtykke til uttak frå kapitalkonto. Eit skriftleg samtykke kan skrivast ned på eige ark, lastas opp på datamaskina, og leggast ved søknaden. I dei tilfelle der det ikkje er mogeleg for verjehavar å gje eit samtykke til uttaket, må du skrive årsaka til dette i søknaden.  

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.