Oppstart av verneplanprosess for skog på statsgrunn
- Høyringsfrist:
- 1. oktober 2020
Fylkesmannen i Nordland melder oppstart av verneplanarbeid for 18 områder på Statskog sine eigedommar i Grane, Hattfjelldal, Hemnes og Vefsn.
Fylkesmannen i Nordland melder oppstart av verneplanarbeid for 18 områder på Statskog sine eigedommar i Grane, Hattfjelldal, Vefsn og Hemnes kommunar, jf. Naturmangfoldlova § 37. Vi melder oppstart for følgjande områder:
Namn | Kommune | Areal (daa) | Verdi | Verdi med eksisterande verneområde |
Utvidelse av Auster-Vefsna naturreservat | Grane | 221 | ** | **** |
Breiskardet-Båtskardet | Grane | 4.982 | *** | |
Litlfjellet | Grane | 926 | ** | |
Spelremvatnet | Grane | 747 | ** | |
Stavvassdalen-Dempa | Grane/Vefsn | 8.087 | ** | *** |
Svartvasselva | Grane | 204 | ** | |
Vassåsen | Grane | 120 | ** | |
Utvidelse av Skarmodalen naturreservat | Hattfjelldal | 1.484 | ** | *** |
Bollermoen | Hemnes | 541 | ** | |
Svartåga statskog | Hemnes | 297 | ** | |
Grytåvatnet | Vefsn | 3.099 | ** | |
Olaåsen | Vefsn | 1.106 | ** | *** |
Utvidelse av Danielåsen naturreservat | Grane | 8.746 | *** | **** |
Utvidelse av Holmvassdalen naturreservat | Grane | 15.815 | *** | **** |
Jerpåsen – Utvidelse av Litle Fiplingdalselva naturreservat | Grane | 2.472 | *** | *** |
Mikkeljordmoen | Hattfjelldal | 337 | *** | |
Utvidelse av Simaklubben naturreservat | Hemnes | 1.164 | *** | *** |
Utvidelse av Tuvhaugen naturreservat | Hemnes | 338 | *** | *** |
Totalt | 50.686 |
Nøyaktige kartavgrensingar for oppstart kan sjåast i dette kartet: https://fylkesmannen.maps.arcgis.com/apps/webappviewer/index.html?i=cb9d7639af174af59d01d2af2908fd31.
Oppstartsmelding med utfyllande informasjon finn du under relaterte dokument. Verneplanen omfattar eit areal på i overkant av 50.000 daa. Området til saman er ikkje så stort at det utløyser plikt om konsekvenutgreiing, men Miljødirektoratet skal i løpet av prosessen framskaffe data som gir eit godt grunnlag for avveging mellom verneverdiar og næringsmessige konsekvensar.
For å sikre god medverknad i prosessen ønskjer vi å ha opne kontordagar og opne befaringar i august i veke 35. Vi har sett av ein dag i kvar kommune. Befaringane erstattar folkemøta som vi tidlegare har brukt og hatt i slike verneplanprosessar. Meir informasjon om opne kontordagar og befaringar finn de i oppstartsmeldinga. Påmelding til befaringane kan gjerast via denne linken:
Vi opprettar også ei referansegruppe som skal vere eit bindeledd mot dei ulike samfunnsinteressene under utarbeiding av verneplanen. Hovedformålet med denne gruppa vil vere å bidra til ein god prosess, rådgiving og gjensidig informasjons- og kunnskapsutveksling.
For å få ein god prosess er det viktig å få klarlagt dei interessene som knytter seg til bruken av dei nevnte områda.
Merknader eller innspel til oppstarten av verneplanarbeidet kan sendast til Fylkesmannen i Nordland, Postboks 1405, 8002 Bodø eller pr. e-post: fmnopost@fylkesmannen.no. Fristen for å kome med innspel til oppstartsmeldinga er 1. oktober 2020.
Dersom du har spørsmål om prosessen eller dei aktuelle skogområda, finn du kontaktpersonar i høgremargen på denne sida.
- Høyringsfrist:
- 1. oktober 2020