Kostra-rapportering for 2024
Kommunane, kommunale føretak og interkommunale selskap/samarbeid skal rapportere årsrekneskapet sitt i elektroniske skjema og filuttrekk til Statistisk sentralbyrå (SSB). Sjå fristar her.
De kan rapportere elektronisk frå og med 2. januar 2024.
Frist 15. januar 2024
- helse- og omsorgstenester
- helse- og omsorgsinstitusjonar
- sosialhjelp
- kvalifiseringsstønad
- barnevern
Frist 15. februar 2024
- øvrige tenestedata, unnateke skjema 4B (heimetenester)
Frist 22. februar 2024
- rekneskapsdata
Frist 15. april 2024
- Skjema 4 B - utgifter til heimetenester
Send sjølv om de ikkje har noko å rapportere
Kommunar som ikkje har bestemte ordningar, for eksempel kvalifiseringsstønad eller eigedomsskatt, skal likevel sende inn det aktuelle Kostra-skjemaet, og krysse av for at det ikkje er noko å rapportere.
Slik får SSB oversikt over kven som har rapportert, og kan estimere korrekte summar på regions- og landsnivå.
Spørsmål og meir informasjon
Meir informasjon om rapporteringa finn de i brevet frå Kommunal- og distriktsdepartementet og på nettsida til Statistisk sentralbyrå.
I brevet frå departementet finn de og lenke til Rettleiaren til kontoplanen i Kostra, og endringar i enkelte funksjonar og artar.
Treng du hjelp i samband med rapporteringa har SSB si eiga brukarteneste. Spørsmål kan stillast til: kostra-support@ssb.no eller til telefon 62 88 51 70.