Verneplanprosess for skog på statsgrunn
Fylkesmannen har fått i oppdrag frå Miljødirektoratet å starte verneplanprosess for skog på statsgrunn i Nordland.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Oppdraget frå Miljødirektoratet er å starte verneplanprosess for 18 skogsområder på statsgrunn i Grane, Hattfjelldal, Hemnes og Vefsn kommunar. Dei 18 områda kan sjåast i dette kartet. Vi tek eit visst forbehald om at mindre endringar av avgrensingane kan gjerast fram til formell oppstart av verneplanen.
Oppdragsbrev frå Miljødirektoratet, Klima- og miljødepartementet og rapportar frå kartlegginga finn du under relaterte dokument.
Vi har laga ein foreløpig tidsplan for verneplanprosessen, men gjer oppmerksam på at denne kan endrast i løpet av prosessen:
Konsultasjon med Sametinget |
April 2020 |
Oppstartsmøte med berørte kommuner, fylkeskommunen og Statskog | Mai 2020 |
Fylkesmannen melder oppstart av verneplanarbeidet | Juni 2020 |
Fylkesmannen utarbeider verneforslag: | August 2020 - Februar 2021 |
-Møter med referansegruppe | |
-Møter og kontakt med berørte kommuner og reinbeitedistrikt | |
-Folkemøte/eventuelt webinar og eventuelt egne møter og befaringer med berørte parter | |
Verneplanen sendes til Miljødirektoratet for faglig gjennomgang før høring | November/Desember |
Miljødirektoratet utarbeider en virkesanalyse med vurdering av konsekvenser for skognæringen for hvert område som skal på høring | November 2020 - Januar 2021 |
Høring av verneplan | Februar 2021 – April 2021 |
Oppsummering og tilrådning til Miljødirektoratet | August 2021 |
Tilrådning fra Miljødirektoratet til Klima- og miljødepartementet | |
Vedtak av Kongen i statsråd gjennom kongelig resolusjon |
Verneplan for skog på statsgrunn - Ope kontor og opne befaringar
Fylkesmannen har ope kontor og opne befaringar i Grane, Hattfjelldal, Hemnes og Vefsn kommunar i veke 35. Her har du gode mulegheiter til å kome med innspel til verneplanprosessen.
Publisert 12.08.2020
Oppstart av verneplan for skog på statsgrunn
Fylkesmannen i Nordland melder oppstart av verneplanarbeid for 18 områder på Statskog sine eigedommar i Grane, Hattfjelldal, Hemnes og Vefsn.
Publisert 12.05.2020
Oppstartmøte for verneplanprosess for skog på statsgrunn
Fylkesmannen inviterer berørte kommunar, Nordland fylkeskommune og Statskog SF til eit oppstartsmøte for verneplanprosess for skog på statsgrunn på Helgeland.