Oppstartmøte for verneplanprosess for skog på statsgrunn
Fylkesmannen inviterer berørte kommunar, Nordland fylkeskommune og Statskog SF til eit oppstartsmøte for verneplanprosess for skog på statsgrunn på Helgeland.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Fylkesmannen har fått i oppdrag frå Miljødirektoratet å gjennomføre verneplanprosess for 18 områder i kommunane Grane, Hattfjelldal, Hemnes og Vefsn. Før oppstart av prosessen held vi eit oppstartsmøte for berørte kommunar, Nordland fylkeskommune og Statskog SF.
Dagsorden for møtet vil vere:
-Gjennomgang av områda vi skal melde oppstart for
-Diskutere vidare prosess og deltaking
-Sammensetjing av referansegruppe
Med bakgrunn i dei rapportane som foreligg, samt eksisterande vernegrenser, har vi laga konkrete forslag til avgrensing for dei 18 områda. Avgrensingene er foreløpige, og det kan hende at vi gjer små endringar fram mot oppstart. Møteinnkalling til dette møtet kan lastast ned frå relaterte dokument. Dei foreløpige kartavgrensingane kan sjåast i dette kartet: