Søknad om utfylling i sjø ved Båsen/Kuneset, Vestre Åmøy i Rennesøy kommune

Høyringsfrist:
1. november 2016

Åmøy Havn AS søkjer om løyve til utfylling i sjø i samband med opparbeiding av molo ved Kuneset, Vestre Åmøy i Rennesøy kommune.

Publisert 10.10.2016

Fylkesmannen har mottatt søknad om løyve etter forureiningslova og forureiningsforskrifta til utfylling i sjø. Det er søkt om å fylle ut ca. 30 000 m3 sprengsteinsmassar, som samla vil dekka eit sjøbotnareal på ca. 5 000 m2. Sedimentgransking har vist at sedimenta i tiltaksområdet er forureina av miljøgifter.

I nærleiken av utfyllingsområdet er det registrert 3 ålegrasenger av nasjonal verdi, samt to blautbotnområder av regional verdi. Desse er svært viktige funksjonsområder for fisk, og innehar høg naturtyperikdom. Torsteinsvika er også eit svært viktig overvintringsområde for sjøfugl. Den planlagde utfyllinga vil dekka deler av eine ålegrasenga.

Med bakgrunn i naturverdiane i området vil det i eit eventuelt løyve bli stilt strenge krav til avbøtande tiltak for å hindra spreiing av forureina sediment, samt partikkelspreiing generelt. Søkjar lyt også medrekna fastsetting av sesongmessige tidsavgrensing, både av omsyn til sjøfugl, og vekstsesong for ålegras.

Sjå saksdokumenta i høgremargen.

Uttaler til søknaden kan sendast Fylkesmannen i Rogaland, postboks 59, 4001 Stavanger, eller fmropost@fylkesmannen.no. Frist for uttale er satt til 4 veker.