Aksept for britiske og nederlandske helseerklæringar
Fylkesmannen i Rogaland har med heimel i helsekravforskrifta § 20 avgjort at britiske og nederlandskje helseerklæringane er akseptert på linje med norske helseerklæringar for petroleumsverksemda til havs.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Publisert 06.12.2012
Desse helseerklæringane er akseptert:
- Offshore Medical Certificate in accordance with Oil and Gas UK Medical Guidelines
- Offshore Medical Certificate in accordance with Nederlandse Olie en Gas Exploratie en Productie Associatie (NOGEPA) Guidance for Offshore Medical Examinations
Dette betyr at personar som har helseerklæring frå Oil and Gas UK eller NOGEPA kan reise offshore i Noreg utan norsk helseerklæring. Desse personane er likevel underlagt alle reglane i den norske helsekravforskrifta. Dei ansvarlege operatør- og driftsselskapa skal føre den same kontroll med desse personane i samsvar med vanleg praksis og reglane i helsekravforskrifta.