Stor variasjon i legevaktordningar
Det er lege på vakt døgnet rundt i alle kommunane. Det er likevel stor variasjon i organisering, bemanning, opplæring og utstyr.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
I ein felles rapport har Fylkesmennene i Hordaland, Rogaland og Sogn og Fjordane svara på eit oppdrag frå Helsedirektoratet om å vurdere legevakttenestene i kommunane i helseregion vest.
Kommunane har ansvaret for at legevaktordninga har nok bemanning med rett fagleg kompetanse og nødvendig utstyr. Det inneber mellom anna å sørgje for at personalet får opplæring og at personell på vakt har tilgjengeleg og brukar pålagt utstyr for kommunikasjon og handtering av akuttmedisinske hendingar. Det er kommunen og ikkje den enkelte legevaktslegen som har ansvaret for å skaffe utstyr og legemiddel som trengst.
Legevaktslegane er svært viktige i den akuttmedisinske kjeda utanfor sjukehus. For å halde ved like legane sin kompetanse innan akuttmedisin, må tenesta organiserast slik at legevaktslegane blir naturlege deltakarar i akuttmedisinske situasjonar.
Vi meiner at fleire kommunar bør vurdere å innføre bakvakt for legevaktslege, ikkje minst av beredskapsomsyn.
Legevaktteneste, akutthjelpar og ambulanseteneste er viktige tenester for innbyggjarane og sentrale i beredskapen i kommunane. Ved akuttmedisinske hendingar skal dei fungere som ei samla kjede. Desse tenestene skal fungere saumlaust og må i større grad vurderast samla.
Sentralisering av legevaktordningane har gitt grunnlag for betre kvalitet. Samtidig har sentralisering fleire stader ført til lengre utrykkingstid for legevaktslege og lengre reisetid for dei som sjølve oppsøkjer legevakta. Framlegg til forskrift om krav til organisering av kommunal legevaktordning m.v. kan bidra til ytterlegare sentralisering. Vi meiner at sentrale styresmakter må følgje nøye med på denne utviklinga.
Les meir i rapporten, som du finner lenkje til i menyen til høgre.