Informasjon om Bufdir si temaside om koronaviruset
Fylkesmannen mottar mange spørsmål knytta til barn, unge, foreldre, barnevern og koronaviruset. Me vil derfor informera om at Bufdir har oppretta ei temaside om koronaviruset, kor ein kan finna svar på mange av desse spørsmåla.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Barn, unge og foreldre som treng hjelp frå barnevernet skal få det, også under korona-pandemien. På Bufdir si temaside finn ein informasjon knytta til kommunal barnevernteneste, fosterheimar, barnevernsinstitusjonar, familievern og anna relevant informasjon om korleis barn og unge blir ivaretatt i den situasjonen me er i nå.
Me reknar med at det vil oppstå ulike spørsmål rundt dette i tenestene framover. Kommunane kan ved behov kontakta Fylkesmannen for råd og rettleiing, og me kan om det er naudsynt ta spørsmål frå kommunane vidare til Bufdir.