Korleis behandla klage på vedtak?

Eit enkeltvedtak er ei avgjersle som gjeld rettar eller plikter til ein eller fleire bestemte personar, jf. forvaltningslova § 2 fyrste ledd bokstav b. Forvaltningslovas kapittel V og enkelte bestemmelsar i barnevernslovas kapittel 12, gjer reglar om vedtakets form og innhald.

Publisert 21.12.2023

Mange avgjersler barnevernstenesta tek er enkeltvedtak, og vert som regel berre kalla vedtak. Det gjeld blant anna henlegging av undersøking, avgjersle om å iverksette eller avslutta hjelpetiltak, hjelpetiltak om ettervern, eller avvisning av klage. Det er og nyleg avklart at avgjersler om økonomisk godtgjersle til fosterforeldre, samt avgjersler om omfang og innhald i oppfølginga dei mottek frå barnevernstenesta, er å rekne som enkeltvedtak etter forvaltningslova.

God kunnskap om korleis ein skal treffe vedtak, og korleis eventuelle klager på vedtak skal behandlas, er viktig for å ivareta partanes rettstryggleik.

Statsforvaltaren i Trøndelag har utarbeidd eit flytskjema som viser klageprosessen når barnevernstenesta mottek klage på vedtak. Bak kvar «boks» i flytskjemaet er det vegledande og utdjupande tekst. I tillegg inneheld flytskjemaet informasjon om krav til enkeltvedtak. Dette kan vere eit nyttig verktøy for tilsette og leiarar i barnevernstenestene.

Du finn flytskjemaet under fana «Dokumenter» til høgre på denne sida.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Dokument