Barnehage

Oppdatert 17.11.2023

Barnehagen skal i samarbeid og forståing med heimen ta vare på barnets behov for omsorg og leik, og fremje læring og danning som grunnlag for allsidig utvikling. 

Barn skal ha det trygt og godt i barnehagen

Alle tilsette i barnehagen har ei plikt til å følgje med på korleis alle barna i barnehagen har det. Barnehagens tilsette skal gripe inn dersom barn blir utsette for krenkingar. Døme på krenkingar er utestenging frå leik, plaging, mobbing, vald eller diskriminering.

Dersom tilsette oppdagar at eit barn ikkje har det bra, må dei melde frå til styraren i barnehagen. I alvorlege tilfelle skal styrar melde frå til barnehageeigar.

Kommunens ansvar

Alle kommunar har ei lovfesta plikt til å tilby nok barnehageplassar. Ut over foreldrebetalinga har kommunen eit ansvar for å finansiere barnehagane, og kommunen gir tilskot til godkjende private barnehagar.

Det er barnehagemyndigheita i den enkelte kommune (bydel i Oslo) som skal sjå til at både kommunale og private barnehagar blir drivne i samsvar med regelverket, og barnehagemyndigheita skal gi rettleiing og føre tilsyn.

Statsforvaltaren rettleiar og fører tilsyn

Statsforvaltaren rettleiar kommunar og barnehagar etter barnehagelova, og fører tilsyn med kommunen (bydel i Oslo) som barnehagemyndigheit etter barnehagelova og tilhøyrande forskrifter. Statsforvaltaren kan i særlege tilfelle føre tilsyn med éin enkelt barnehage.

Statsforvaltaren er klageinstans

Statsforvaltaren behandlar klager på enkeltvedtak etter reglane i barnehagelova og tilhøyrande forskrifter. Dersom du ønskjer å klage på eit enkeltvedtak, sender du klagen til den instansen som har gjort vedtaket. Dersom denne instansen ikkje har gitt deg medhald i klagen din, skal klagen bli send vidare til Statsforvaltaren for endeleg behandling.

Vis meir


Publisert 05.01.2024

Utlysing av midlar til symjeopplæring for barn i barnehage 2024

Statsforvalteren i Rogaland lyser med dette ut midlar til symjeopplæring for barn i barnehagar. Kommunar, barnehagar og frivillige organisasjonar som ønskjer å drive symjeopplæring i barnehage, kan no søkje Statsforvalteren om tilskott for 2024. Statsforvalteren i Rogaland har fått tildelt kr 7 672 000 som skal nyttast til formålet. Dette betyr at 3 836 barn i Rogaland kan få symjeopplæring i 2024.

 


Publisert 09.10.2023

Samisk språk i barnehagen

Samiske barn i barnehage har rett på samisk opplæring. Dette er regulert i barnehagelova og rammeplan for barnehagar. I Norge er nordsamisk, lulesamisk og sørsamisk offisielle språk. Desse tre språka, som er beskytta av den europeiske pakt for minoritetsspråk, er òg opplæringsspråk i barnehagar og skular.


Publisert 28.09.2023 av Anita Olufsen

Tilsyn med Eigersund kommune som barnehagemyndighet

Vi har ført tilsyn med Eigersund kommune. Temaet for tilsynet var kommunens ansvar som barnehagemyndighet, avgrenset til å gjelde bestemmelsene i barnehagelovens kap. 8 som omhandler trygt og godt barnehagemiljø 


Publisert 08.09.2023

Interaktiv e-læring for barnehagefaglig grunnkompetanse er nå tilgjengelig

E-læring i barnehagefaglig grunnkompetanse er et interaktivt tilbud til assistenter og andre ansatte i barnehager. Tilbudet er gratis.


Publisert 08.09.2023

Tilsyn med barnehagens innhold

Utdanningsdirektoratet har sammen med statsforvalterne utarbeidet et tilsynsopplegg som handler om barnehagens innhold med utgangspunkt i rammeplanens kapittel 3.


Publisert 16.08.2023

Nytt til barnehage- og skolestart høsten 2023

Her finner du en oversikt over endringer og nyheter for barnehage, SFO og skole som gjelder fra oppstart av nytt barnehage- og skoleår høsten 2023.


Publisert 10.07.2023

Felles retning for barnehagar mot 2030

Regjeringa ønskjer at fleire barn skal gå i barnehage. Samtidig vil dei auka kvaliteten på innhaldet i barnehagen. Regjeringa sin barnehagestrategi fram mot 2030 er kalla «Barnehagen for ei ny tid» og legg grunnlaget for at barnehagesektoren blir utvikla i ei felles retning fram mot 2030. 


Publisert 09.05.2023

Utlysing av tilretteleggingsmidlar for studentar ved ABLU/deltid barnehagelærarutdanning og steinerpedagogikk deltid - 2023/2024

Samarbeidsforum i Rogaland har gitt Statsforvaltaren i Rogaland fullmakt til å fordele tilretteleggingsmidlar for studieåret 2023/2024. Dette er ein del av regional ordning for kompetanseutvikling i barnehage.


Publisert 11.04.2023

Gode råd om mat og måltider i barnehagen.

Barnehagane bør leggje til rette for minst tre måltider om dagen, god tid til å spise, frukt og grønt på menyen og at barna deltek i matlaginga. Dette er nokre av dei nasjonale oppmodingane som Helsedirektoratet gir om mat og måltider i barnehagane.


Publisert 11.04.2023

Politiattest i barnehagen

Alle som blir tilsette i barnehagen skal levere politiattest. Personar som jobbar mindre enn 14 dagar i barnehage må også levere politiattest.


Aktuelt

Webinar Trygt og godt barnehagemiljø lanseres 7. november 2022

Del 1 Barns Rettigheter

Del 2 Nulltoleranse og forebyggende arbeid

Del 3 Plikt til å sikre at barnehagebarna har et trygt og godt psykososialt barnehagemiljø