Politiattest i barnehagen
Alle som blir tilsette i barnehagen skal levere politiattest. Personar som jobbar mindre enn 14 dagar i barnehage må også levere politiattest.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Publisert 11.04.2023
Oppdaterte opplysningar
Forskrift om politiattest gir barnehagar moglegheit til å innhente oppdaterte opplysningar frå politiet om ein person allereie er tilsett. Politiattesten gir meir informasjon enn tidlegare.
Meir informasjon om politiattest i barnehage
Politiattest ved byte av stilling
Fylkesmannen i Troms har spurt Utdanningsdirektoratet om det må leggjast fram ny politiattest ved byte av stilling internt i kommunar og private barnehagekonsern.