Omsynet til eleven sitt beste

I arbeidet med å gi ein elev eit trygt og godt skolemiljø er vurderinga av eleven sitt beste både ein rettigheit, eit generelt prinsipp og ein saksbehandlingsregel. I denne artikkelen viser vi til ressursar som kan vere til hjelp for skolane når dei skal vurdere, vekte og vise eleven sitt beste.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 07.06.2023

Vurdere, vekte og vise eleven sitt beste

Behova og føresetnadane til eleven er utgangspunktet for korleis skolen skal vurdere kva som er til beste for eleven. Skolen må derfor undersøkje saka og la eleven få uttale seg om si eiga oppleving og syn. Kor stor vekt skolen skal leggje på synet til eleven avheng av mellom anna eleven sin alder og modenskap, kor sterkt ønske eleven har, kva type spørsmål det gjeld og om eleven har forståing for konsekvensane av ønsket sitt.

Andre relevante moment skolen må vurdere og avvege mot kvarandre kan vere identiteten, karaktertrekka og eigenskapane til eleven, familiemiljø og nære relasjonar, eleven sin rett til vern, omsorg og tryggleik, sårbarheita til eleven, den psykiske og fysiske helsa til eleven, og retten eleven har til utdanning. Skolen må gjere ei konkret og individuell vurdering i kvart tilfelle.

Omsynet til det beste for eleven er eit grunnleggjande omsyn og ein svært viktig faktor, men ikkje den einaste faktoren. Skolen må også avvege opp mot andre omsyn. Dersom det er fleire elevar involverte i ei sak, skal det beste for eleven bli vurdert enkeltvis. Dei ulike interessene til elevane kan stå i motsetning til kvarandre. Skolen må då forsøkje å finne den løysinga som best tar vare på retten til eit trygt og godt skolemiljø for alle elevane.

Tilgjengelege ressursar

Vi vil spesielt halde fram ressursane i Kompetanseportalen. Ein av dei er kompetansepakken om skolemiljø. Denne er laga for å bygge opp under kollektiv kompetanseutvikling i skolen, samt til at tilsette, leiarar og eigarar kan auke sin kompetanse om eit trygt og godt skolemiljø.

Pakken har 7 modular med ulike tema, kor modul 5 (5.3) gir informasjon og kompetanse til å vurdere, vekte og vise eleven sitt beste i samanheng med aktivitetsplikta skolen har. Modulen består av både tekst, video, oppgåver og hjelpemiddel i det vidare arbeidet.

Ressurssida Elevens beste-vurdering gir deg kunnskap og ei kortare oversikt over korleis du skal gå fram når du vurderer ein elev sitt beste. Sida har link til Barnekonvensjonen i saksbehandlinga som viser korleis du kan ivareta barnekonvensjonen i saksbehandlinga.

Ressurssida skolemiljøtiltak for elevar med særskilt sårbarheit gir deg ei særleg innføring i kva særskilt sårbarheit betyr og korleis skolen kan jobbe for å ivareta elevar som er i ein sårbar situasjon.

Elles viser vi til sida Skolemiljø som gir ei oversikt over ressursane som ligg på udir.no for arbeidet med eit trygt og godt skolemiljø. Vi viser spesielt til ressursane for arbeidet med å undersøke, samt døme på tiltak og viktige omsyn i arbeidet med aktivitetsplikta.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.