Melderutinar for å sikre skole – og opplæringstilbod for barn og unge som blir plassert med heimel i barnevernlova
Barn og unge som bur i barneverninstitusjon, fosterheim eller omsorgssenter for mindreårige, har rett til eit like godt skole- og opplæringstilbod som barn og unge som bur heime.
Barnevern- og skolemynde har eit felles ansvar for å sørgje for at barn og unge får det skole- og opplæringstilbodet dei har rett og plikt til. Derfor må rett skolemynde varslast når eit barn blir plassert utanfor heimen etter barnevernlova. Kommunal barnevernteneste må melde flytting med ein gong det er bestemt kor barnet skal plasserast.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Barne- ungdoms- og familiedirektoratet har i samarbeid med Utdanningsdirektoratet utarbeida melderutinar for å sikre at barn i barnevernet får eit godt og tilpassa skoletilbod så raskt som mogleg.
Melderutinane klargjer
- kva som er rett skolemynde
- kven som skal sende meldinga
- kva informasjon meldinga skal innehalde
- kva tid meldinga skal sendast
- kven meldinga skal sendast til
Du finn melderutinane her: https://www.bufdir.no/bibliotek/Dokumentside/?docId=BUF00002936
Her finn du skjema for skolebytte, Rogaland:
http://www.rogfk.no/content/download/39378/1046348/version/1/file/FLYTTEMELDING.doc
Her finn du aktuell informasjon frå Rogaland fylkeskommune:
Handbok for barnevern og skole
Pedagogisk-psykologisk teneste (PPT)
Inntak til vidaregåande skole/barnevern
Kontaktpersonar
-
Unni Reianes
Tlf: 51 56 88 63 -
Hallgeir Bø
Tlf: 51 56 87 33 / 92 28 72 60