Erling Dahl jr. utnemnd til Ridder 1. klasse av St. Olavs Orden
H.M. Kongen har heidra Erling Dahl jr. med den høgste utmerkinga i Noreg, Ridder 1. klasse av Den Kongelege Norske St. Olavs Orden. Statsforvaltar Bent Høie stod for utdelinga i Haugesund rådhus i dag.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Dahl har gitt eit stort bidrag til norsk musikkliv gjennom fleire tiår som lærar, utøvar, leiar og formidlar. Han har vore særleg oppteken av å fremja Edvard Griegs musikk og liv, både nasjonalt og internasjonalt.
Mange sentrale roller i norsk musikkliv
Han har mellom anna vore direktør ved Edvard Grieg Museum, Trollhaugen, rådgjevar og direktør for Festspillene i Bergen og leiar for Det Internasjonale Edvard Grieg-selskapet.
Innsats utover landegrensene
Dahl har fått fleire prisar og utmerkingar for arbeidet sitt, mellom anna Tysklands føderale orden «Das Verdienstkreutz 1. klasse» for innsatsen for kulturutveksling.
– Det står den største respekt av din innsats for musikklivet!
Sa statsforvaltar Bent Høie under overrekkinga av St. Olavs Orden i Haugesund i dag. Heile talen til Høie er lagt ved.
Statsforvaltaren i Rogaland gratulerer!