Separasjons- og skilsmisseløyvingar blir no sendt digitalt
Frå 2018 blir separasjons- og skilsmisseløyvingar gjeve av Fylkesmannen i Rogaland sendt digitalt til alle som har oppretta digital postkasse.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Publisert 13.04.2018
Alle separasjonsløyve og skilsmisseløyve vil no bli godkjent digitalt. Det gjer at løyvingane ikkje lenger vil bli påført underskrift og stempel. Har du behov for underskrift og stempel, må du ta kontakt med Fylkesmannen i Rogaland.
Dersom du ikkje har oppretta digital postkasse kjem løyvet som vanleg brevpost utan signatur og stempel.
(Du kan også kan søkje om separasjon eller skilsmisse digitalt, sjå lenke i høgremargen)