Over 300 nye statsborgarar skal feirast
Dei nye statsborgarne i Rogaland skal feirast i Kuppelhallen i Stavanger laurdag 20. november. Dei kjem frå 18 rogalandskommunar.
Det er Statsforvaltaren i Rogaland som arrangerer seremonien årleg. Me markerer at nye medlemmer er tekne opp i det norske fellesskapet. Det er heilt frivillig å delta.
Ein festdag
Det blir ei flott feiring med velkomst- og helsingstalar, musikalske innslag og sosialt samvær i Kuppelhallen i Stavanger. Statsforvaltar Bent Høie leiar seremonien. Stortingsrepresentant og KrF-leiar Olaug Bollestad er årets hovudtalar.
18 kommunar i Rogaland er representerte i år
Dei over 300 festklare statsborgarane bur i 18 kommunar i Rogaland. Med venner og familie blir det rundt 900 festdeltakarar i Kuppelhallen.
Det er ikkje berre familie og venner som stiller på ein dag som dette. Ordførarane frå dei kommunane som har påmelde statsborgarar møter også.
Tid/stad
Laurdag 20. november 2021 kl. 12.30 i Kuppelhallen, Stavanger. Programstart: kl. 13.00.
Slik fordeler dei nye statsborgarane seg på dei 18 kommunane
| Bokn | 1 | 
| Eigersund | 6 | 
| Gjesdal | 6 | 
| Haugesund | 15 | 
| Hjelmeland | 2 | 
| Hå | 5 | 
| Karmøy | 4 | 
| Klepp | 6 | 
| Randaberg | 8 | 
| Sandnes | 58 | 
| Sauda | 1 | 
| Sola | 19 | 
| Stavanger | 153 | 
| Strand | 6 | 
| Suldal | 2 | 
| Time | 11 | 
| Tysvær | 6 | 
| Vindafjord | 5 | 
Kontaktpersonar
- 
            Marie Bloch-Johnsen
                
Tlf: 51 56 88 68 - 
            Monica Nessa
                
Tlf: 51 56 88 71 
Dokument
Billettinformasjon
- Alle som har meldt seg på arrangementet får utdelt billettane sine i Kuppelhallen.
 
Smittevernråd til Statsborgarseremonien 2021
- Dersom du, eller nokon av dei du bur med, er sjuke, så ber me deg om å ikkje komma. Dette gjeld også andre sjukdommar med tilsvarande symptom som covid-19.
 - Er du over 18 år og ikkje vaksinert, så ber me deg vera ekstra merksam på symptom, halda avstand til andre og bruka munnbind.
 - Me kjem ikkje til å handhelsa i samband med seremonien, og ber om at gjestar og deltakarar ikkje handhelsar/klemmar på andre enn dei ein bur saman med.
 - Alle kjem til å sitta kommunevis i salen. Når du kjem og går igjen, bør du forsøka å halda avstand til andre, gjerne ein meter.
 - Når seremonien er over, ber me om at folk går ut av salen i puljer. Vent til di seterad blir annonsert før du reiser deg.
 - Det blir delt ut mat i foajeen når seremonien er over. Dette er matpakkar som ein skal ta med seg. Det blir ikkje høve til å setta seg ned for å eta i Kuppelhallen.