Statsborgarseremonien 2023: Her ser du bileta
Statsborgarar frå 17 rogalandskommunar feira statsborgarskapet sitt i Kuppelhallen i Stavanger i dag. Her finn du bileta.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Rundt 250 festklare statsborgarar var påmelde til årets statsborgarseremoni. Med venner og familie blei det rundt 600 deltakarar i Kuppelhallen i Stavanger.
Det var ikkje berre familie og venner som stilte. Ordførarane frå kommunane med påmelde statsborgarar deltok også.
Statsforvaltar Bent Høie leia seremonien, og stortingsrepresentant Hadia Tajik var årets hovudtalar.
Her finn du bileta frå arrangementet
Bileta frå Statsborgarseremonien 2023 er på plass her seinast måndag 5. juni. Alle bileta blei tekne av: Ivar Langvik, Statsforvaltaren i Rogaland.
Takk til alle som kom og gjorde dette til ein flott dag!