Leve heile livet må inn i planverket
Reforma legg opp til at kommunane set Leve heile livet på dagsorden, analyserer eigne utfordringar og utformar løysingar i planverket.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Vi er no inne i fase to i reforma, der det blir lagt opp til at kommunane vedtar politisk korleis løysingane i Leve heile livet kan utformast lokalt og innarbeidast i planverk. Dette bør gjerast ut frå analyse av eigne utfordringar og behov.
Kommunane skal vedta korleis Leve heile livet kan utformast i planverk. Dette gjeld kommuneplanen sin handlingsdel med økonomidel, men også i kommunedelplanar. Leve heile livet bør det også drøftast i planstrategien.
- Intensjonen med Leve hele livet utfordrar alle tenestene i kommunen og vil meir eller mindre forutsette bidrag frå alle tenesteområde
- Tidleg involvering av kommunen sin sentrale planleggingskompetanse kan verte avgjerande for at kommunen lukkast med arbeidet
Med Leve hele livet skal eldre kunne meistre livet sitt der dei bur heile livet.
Kontaktpersonar
-
Bjørg Odland
Tlf: 51 56 88 74