Nytt om frisklivssentralar i Rogaland - Strand og Randaberg kommune har etablert frisklivssentral
I 2018 vart frisklivssentralar etablert i dei to nemnde kommunane. Her i Rogaland har nå 17 av våre 26 kommunar eit slikt førebyggjande helsetilbod til innbyggjarane sine.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Det er eit krav til adle kommunane at dei må organisera og leggja til rette for eit slikt helsetilbod. Fylkesmannen vonar difor at dei resterande kommunane vil prioritera ei styrking av helsetenesta til innbyggjarane sine med eit slik helsefremjande tilbod. For 2019 reknar me med at tilskotsordninga vil bli vidareført. Utlysing og søknadsfristar vil bli gjort kjent i januar 2019.
På høgra sida her vil du finne lenkja til ein oversikt over frisklivssentralane i Rogaland, og kontaktinformasjon.
Kontaktpersonar
-
Helge A. Haga
Tlf: 51 56 88 56