Andres Neset er ny fylkeslege i Rogaland
Neset overtar etter Janne Dahle-Melhus.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Før jul i fjor blei det kjent at fylkeslege Janne Dahle-Melhus gir seg som fylkeslege. Det var fleire sterke søkarar til stillinga. Fredag 18. februar konkluderte tilsettingsrådet med at Andres Neset skulle få tilbodet. Han takka ja – og tiltrer formelt som fylkeslege/avdelingsdirektør alt i dag.
Har vore assisterande fylkeslege sidan 2016
Andres Neset (37) begynte som assisterande fylkeslege hos Statsforvaltaren i Rogaland i november 2016. Han kjenner helse-, sosial- og barnevernsavdelinga godt, særleg etter at han fungerte som fylkeslege ein lengre periode i fjor.
Både avdelingsdirektør og fylkeslege
Han har tidlegare jobba på indremedisinsk avdeling ved Stavanger universitetssjukehus. Legeutdanninga tok Neset i Oslo. Han har også ei doktorgrad om hjartestans og hjarte- og lungeredning før han gjekk ut i turnus her i distriktet. Neset er ferdig med spesialistutdanninga i samfunnsmedisin og har søkt om godkjenning som spesialist.
Han skal vera både avdelingsdirektør og fylkeslege i helse-, sosial- og barnevernsavdelinga. På grunn av stor arbeidsmengde, har dei to rollene vore skilte under store delar av pandemien.
– Glad for at han takka ja
Statsforvaltar Bent Høie er godt nøgd med at Andres Neset er den som overtar etter Janne Dahle-Melhus.
– Me er veldig glade for at Andres takka ja til jobben – og meiner han er den beste til å leia denne store og viktige avdelinga vidare. Eg er også glad for å få Andres inn i leiargruppa i embetet, seier Høie.