Leve hele livet prisen 2022

Stavanger kommune er nominert til Leve hele livet prisen 2022 av støtteapparatet i Rogaland

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 31.08.2022

Kvart år deler Helsedirektoratet ut ein Leve hele livet pris. Kriteria for å få tildelt pris vert utarbeida kvart år, og er tilpassa fase i reformperioden.

I år er kriteria at ein kan vise at kommunen har forankra Leve hele livet som ein teneste- og samfunnsreform, at det er gjort endringar på systemnivå og at innbyggjarar over 65 år merkar positiv effekt av tiltaka.

Stavanger kommune har forankra arbeidet breitt både på politisk og administrativt nivå. Rutinar er endra. Innbyggarar får tilbod om førebyggjande heimebesøk når det er 80 år og alle på 75 får tilbod om seniorkurs. Brukarar av kommunale tenester skal få spørsmålet: «Kva er viktig for deg?»

 

Den 16. november vert prisen delt ut. Det vert spanande å sjå kven som vinn i år.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar