Fleire kommunar ynskjer øyremerkte midlar til kommunalt rusarbeid.
Sintef har nyleg fullført rapporten "Kommunalt rusarbeid og innlemming av statlig rustilskudd i den kommunale rammen».
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Sintef har undersøkt det kommunale rusarbeidet, basert på ei kartlegging der 44 % av landet sine kommunar valde å delta. Bakgrunnen for undersøkinga var å få meir kunnskap om kommunalt rusarbeid og verknadene av at rustilskotet for 2013 blei lagt inn i den kommunale ramma.
Sentrale tema i rapporten er organisering, samarbeid, utfrodringar, prioriteringar og innhald i det tenestene. I 2012 blei ordninga med rustilskot avslutta. Kommunane beskriv ordninga stort sett som positiv og melder tilbake at øyremerkte tilskot er den modellen for statleg medfinansiering dei ynskjer mest. For at rusfeltet skal prioriterast i dei lokale budsjettprosessane må øyremerking til, i fylgja kommunane som har delteke.
Les hele rapporten her.