Kurs - Tverrfagleg samarbeid i ly eller lys av teieplikta?

Haugalandsløftet inviterer i samarbeid med fleire andre instansar fagpersonar som arbeider med barn og unge til gratis kurs om teieplikt.

Tema for kurset er: Tverrfagleg samarbeid i lys eller ly av teieplikta? og føredragshaldar er advokat Rikke Lassen.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 08.02.2013

Kurset arrangerast i eit samarbeid mellom Haugalandsløftet, KOrUs Vest (Stavanger og Bergen), Fylkesmannen i Rogaland og Helse Fonna.

Mål med kurset er å auke kjennskap til lovar som regulerar teieplikt, meldeplikt og plikt til å gje opplysningar samt å skape større tryggleik kring når og korleis ein skal melde bekymring for barn og unge.  

Målgruppe: tilsette i barnevern, helsestasjonstenesta, PPT, barnehagar, skolar, familievern, TSB, BUP, DPS og andre som inngår i tverrfaglege samarbeid der teieplikta kan oppfattast som ei utfordring.

Finn skjema for påmelding under Kurs og konferansar!

Tid: 9. april 2013

Stad: Storsalen i Tysværtunet

Frist for påmelding er 20. mars.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar

Dokument