Psykologer i dei kommunale helse- og omsorgstenestene

Helsedirektoratet har kunngjort tilskottsordninga «Psykologer i de kommunale helse- og omsorgstjenestene». Målet med ordninga er å styrke kvalitet og kompetanse i det heilhetlige og tverrfaglige kommunale arbeidet innan psykisk helse og rus, samt vold- og traumefeltet.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 05.01.2017

Tilskotsordninga er forankra i fleire av regjeringas stortingsmeldingar og planar. Det har vore ei markant auke i antall psykologar  i det kommunale helse- og omsorgstenestene dei siste åra. På same tid er det framleis mange kommunar som oppgir at dei ikkje har psykologkompetanse.

Ordninga skal bidra til at psykologkompetanse blir tilgjengeleg over heile landet ved innføring av lovkrav. Ein tek sikte på at lovkravet trer i kraft frå 1 januar 2020, forutsatt at Stortinget vedtar forslaget.

Stimuleringstilskotet er på kr 400 000 pr 100 % stilling.

Kommunen kan i tillegg få inntil kr 10 000 pr psykologstilling øyremerka spesifikke kompetanseutviklingstiltak i regi av Fylkesmannen og kompetansesentra innan fagfelta rus og psykisk helse, vold - og traume.

Meir informasjon om tilskottsordninga og søknadsskjema finn du på Helsedirektoratet si nettside under «Lenker».

Søknad sendes med e-post til: fmropost@fylkesmannen.no innan 1. mars 2017.

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.