Kommunane utviklar tenester i tråd med måla for Opptrappingsplan for rusfeltet

Opptrappingsplanen for rusfeltet skal sikre auka kapasitet og betre kvalitet i tilbodet til folk som har, eller er i ferd med å utvikle rusmiddelproblem.

Ein ny Fafo-rapport viser at det er for tidleg å måle verknaden av opptrappingsplanen for rusfletet. Samstundes peikar rapporten på at merksemde om planen har medverka til at kommunane sin andre statusrapport fra evalueringa av Opptrappingsplanen peikar på at kommunane utviklar tenester i tråd med måla for opptrappingsplanen.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 31.01.2019

Fafo-rapporten viser mellom anna at det skjer ein auke i årsverka i kommunane innan rus og psykisk helse, men også at det framleis er stor kommunal variasjon på rusfeltet.

Rapporten peikar på fleire område med behov for særskild merksemd framover, mellom anna meir systematisk involvering av brukarar- og pårørande, gjere tilbodet til personar med ROP-lidingar betre og syte for at fleire med rusmiddelproblem kjem i arbeid og meiningsfull aktivitet.

Les Helsedirektoratet sin omtale av rapporten her:

https://helsedirektoratet.no/nyheter/evaluering-av-opptrappingsplanen-for-rusfeltet

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Lenkjer