Ny rettleiar for behandling av klager på tvangsbehandling i psykiatrien
Helsedirektoratet har gitt ut ein rettleiar for Fylkesmannen si klagebehandling av klager på vedtak om behandling utan eige samtykke (psykisk helsevernlova § 4-4).
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Publisert 04.06.2015
Formålet med rettleiaren er å ivareta pasienten sin rettstryggleik ved å sikre ei forsvarlig saksbehandling av klager på vedtak om tvangsbehandling. Rettleiaren skal bidra til likebehandling og sikre rett prioritering hos Fylkesmannen.
Lenkje til rettleiaren (IS-2229) finner du i menyen til høgre.