Kunngjering av tilskot til bustadsosialt arbeid
Tilskot til bustadsosialt arbeid, kap 0621 post 63, er del av regjeringa sin handlingsplan mot fattigdom. Hovudmålet er å styrkje og utvikle dei ordinære tenestene i kommunane, slik at dei betre kan ta hand om behovet bustadlause og rusmiddelmisbrukarar har for oppfylging i bustad.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Publisert 16.11.2012
Viktige innsatsområde i 2013 er:
- Å reduserer bruken av mellombels butilbod
- Å leggja til rette for eit heilskapleg bustadsosialt arbeid lokalt
- Å koma med tiltak overfor ungdom og yngre vaksne i etableringsfasen
Alle kommunane i landet kan søkje om tilskot.
Søknadsfrist er 1.februar 2013.