Metodeutvikling - innovasjonsfremjande innkjøp i Stavanger kommune
Stavanger kommune fekk i 2016 kr. 450 000 til prosjektet «Metodeutvikling - innovasjonsfremmende innkjøp». Ein la vekt på innbyggjar/sluttbrukarinvolvering, opnare spesifikasjonar og leverandørdialog.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
I oppsummeringa av prosjektet peikar ein på at Innkjøpsavdelinga har tileigna seg kompetanse og erfaring på bruk av ny metodikk som ein del av dei ordinære anskaffelsesprosessane. Det er utvikla eit digitalt verktøy som skal kunna rettleia innkjøparane i korleis ein kan innlemma dei nye metodiske elementa i innkjøpsprosessane.
Det heiter vidare m.a.: Selv om fokuset for prosjektet hovedsakelig har vært på innbygger- /brukerinvolvering, samt åpning av spesifikasjoner har dette også bevisstgjort bruken av også leverandørdialog da de ulike elementene som inngår her støtter opp om hverandre. Involvering, og behovsavklaring, skaper et grunnlag for forhøyet kvalitet på dialogmøtene med næringslivet. Tilbakemeldingene fra leverandørene på måten å jobbe på har vært positive, så også fra ansatte i Stavanger kommune som får bidra i prosessene.