– Berekraftige velferdssamfunn blir ei hovudsatsing i Rogaland
Det er ikkje mogleg å løysa helse- og omsorgsoppgåvene på same måten som i dag. Me må bli flinkare til å førebygga i staden for å reparera. Derfor blir berekraftige velferdssamfunn ei viktig satsing for Statsforvaltaren i Rogaland dei neste åra. Nå har fleire gode prosjekt i kommunane fått til saman 10 millionar kroner i skjønstilskot.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Bent Høie har vore statsforvaltar i Rogaland i snart seks månader. Den tidlegare helseministeren ser at fylket vårt står føre store og nødvendige omstillingar.
Lukkast ikkje Rogaland, lukkast ikkje Noreg
– I Rogaland må me klara det grøne skiftet samtidig som offentleg sektor må omstilla seg i møtet med stadig fleire eldre – og færre i yrkesaktiv alder. Det blir krevjande, men det skal me klara. Lukkast ikkje Rogaland, lukkast ikkje Noreg. Så enkelt og vanskeleg er det, seier Høie.
Det krev at me tenker folkehelse på tvers av sektorane, og alt i dag ser me til dømes kor avhengig me er av frivillig sektor.
– Krigen i Ukraina set oss på ei stor prøve som samfunn. Det offentlege hadde ikkje klart å løysa ei slik krise åleine. Me er heilt avhengig av dei frivillige organisasjonane for å få dette til. Måten me skal løysa oppgåvene våre på i åra framover, er derfor eit strategisk satsingsområde for Statsforvaltaren i Rogaland. Det blir både eit viktig og spennande arbeid, seier Høie.
Fordeler 10 millionar innovasjonskroner til kommunane
Berekraftige velferdssamfunn har vore ei rettesnor i fordelinga av midlane som skal stimulera kommunane til å jobba med fornying og innovasjon. Pengane skal bidra til at ein kan prøva ut nye løysingar. FNs berekraftsmål, samarbeidsprosjekt og det tverrfaglege er særleg vektlagt, seier Høie.
– Det å skaffa nok helsepersonell i framtida er ei stor utfordring. Derfor er til dømes Karmøy og Suldal sine prosjekt så viktige. Karmøy kommune har eit prosjekt for å sikra meir bruk av heiltidstilsette. Suldal, i samarbeid med Sauda, Hjelmeland og Strand, får ei tildeling til pilotprosjektet med distriktsvennleg sjukepleiarutdanning.
Fordelinga av dei 10 millionane til fornyings- og innovasjonsprosjekt ser du under.
Berekraftige velferdssamfunn er ei av tre store, tverrfaglege satsingar for Statsforvaltaren i Rogaland. Dei to andre er klima og barn og unge.
Kommunevis oversikt
Kommune |
Tildeling skjønstilskot i kroner |
Lund |
250 000 |
Sandnes |
250 000 |
Tysvær |
500 000 |
Hå |
500 000 |
Eigersund |
500 000 |
Kvitsøy |
500 000 |
Haugesund |
500 000 |
Suldal |
900 000 |
Gjesdal |
1 400 000 |
Karmøy |
1 700 000 |
Stavanger |
3 000 000 |
SUM |
10 000 000 |
Prosjektvis oversikt over fordelinga
Søknadsnr. |
Prosjekt |
Kommune |
Beløp |
11-22-0001 |
Barnehagemyndighetsrollen i jærkommunene - del 2 |
Gjesdal m.fl. |
1 400 000 |
11-22-0002 |
Ungdom møter ungdom |
Karmøy |
400 000 |
11-22-0013 |
Sammen om frivillighet |
Tysvær m.fl. |
500 000 |
11-22-0016 |
Hubben læringsfabrikk |
Hå |
500 000 |
11-22-0017 |
Pårørende - en viktig ressurs |
Karmøy |
300 000 |
11-22-0018 |
Et felles løft for fremtiden - heltid gir bærekraft |
Karmøy |
1 000 000 |
11-22-0020 |
Digibarnevern |
Stavanger |
500 000 |
11-22-0021 |
Ryfylkemodellen- distriktsvenleg sjukepleieutdanning i Ryfylke |
Suldal m.fl. |
900 000 |
11-22-0025 |
Samskaping om nettverksarbeid- Kartlegge, mobilisere og styrke nettverk |
Eigersund |
500 000 |
11-22-0026 |
Interkommunalt ambulant rehabiliteringsteam-IKART |
Stavanger m.fl. |
1 100 000 |
11-22-0028 |
Digi Rogaland - Digi helsestasjon ungdom |
Stavanger og Haugesund |
1 400 000 |
11-22-0029 |
Innbyggerinvolvering og læringsfellesskap |
Kvitsøy m.fl. |
500 000 |
11-22-0035 |
Digital heimeoppfølging i nettverket E-helse Vestland |
Haugesund |
500 000 |
11-22-0036 |
Implementering av BTI - bedre tverrfaglig innsats modell i Lund kommune |
Lund |
250 000 |
11-22-0038 |
Sandnes blir eldre – Kommunikasjonsplattform |
Sandnes |
250 000 |
SUM |
10 000 000 |
Kontaktpersonar
- Bent Høie
-
Monica Nessa
Tlf: 51 56 88 71 / 48 12 68 47 -
Kristine Enger
Tlf: 51 56 88 28 / 95 78 56 87