Vil ha kommunane med på laget for ein innovativ offentleg sektor

Regjeringa har lagt fram ei ny stortingsmelding om innovasjon i offentleg sektor. I eit nyleg brev inviterer kommunal- og moderniseringsminister Nikolai Astrup kommunale og statlege verksemder til samarbeid, og oppmodar til å mobilisera alle krefter for å følgja opp stortingsmeldinga.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 17.11.2020

For å halda fram med å levera gode tenester til innbyggarane i møte med demografiendringar og strammare budsjett er det behov for innovasjon og nytenking. Regjeringa har derfor lagt fram Meld. St. 30 (2019-2020) En innovativ offentlig sektor. Stortingsmeldinga skal bidra til at offentleg sektor kan ta ut det fulle potensialet som ligg i innovasjon.

Kommunal- og moderniseringsministeren med brev til kommunane

I brev av 2. november 2020 oppmodar kommunal- og moderniseringsminister Nikolai Astrup kommunale og statlege verksemder til å mobilisera alle krefter og samarbeider på tvers, for å følgja opp stortingsmeldinga. Regjeringa vil ha ein offentleg sektor som leverer gode tenester til innbyggarane, har høg grad av tillit i befolkninga, og som finn nye løysingar på samfunnsutfordringane vi står overfor. Innovasjon og nytenking er nødvendig for å framleis levera gode tenester til innbyggarane i møte med demografiendringar og strammare budsjett.

Astrup inviterer derfor alle kommunale og statlege verksemder til samarbeid, og håper meldinga vil vera både nyttig og inspirerande i arbeidet deira med å utvikla nye og betre tenester til innbyggarane.

Tre prinsipp og ti grep for meir innovasjon

Stortingsmeldinga peikar på korleis offentlege verksemder kan gå fram for å styrka innovasjonsviljen og innovasjonsevna i offentleg sektor. Innovasjon er ein strategi for økt økonomisk berekraft, og offentleg sektor må jobba smartare, meir målretta og systematisk med innovasjon. Dette vil spela ei stadig viktigare rolle i møte med utfordringane og moglegheitene som følgjer med demografiendringar, mindre økonomisk handlingsrom, klima og miljø berekraftsmåla. Kommunesektoren er den største leverandøren av velferdstenester, og det finst mange gode døme på vellykka innovasjon i kommunane.

 

I stortingsmeldinga blir det lansert tre viktige prinsipp for å fremma innovasjon i offentleg sektor:

  • Politikare og offentlege styresmakter må gi handlingsrom og insentiv til å innovera.
  • Leiarar må utvikla kultur og kompetanse for innovasjon, der ein har mot til å tenka nytt og lærer av feil og suksessar.
  • Offentlege verksemder må søka nye former for samarbeid

 

Regjeringa nemner vidare ti hovudgrep for å nå målet om auka innovasjon i offentleg sektor:

  1. Rammevilkår for innovasjon
  2. Verkemiddel for innovasjon
  3. Digitalisering og ny teknologi
  4. Kultur for innovasjon
  5. Kompetanse for innovasjon
  6. Forsøk og utprøving
  7. Samarbeid om innovasjon
  8. Innovative innkjøp og partnarskap med næringslivet
  9. Samarbeid med forskingsmiljø
  10. Realisera verdi og spreia innovasjonar

 

Sjå lenkje for å lesa meir om desse grepa i stortingsmeldinga om innovasjon i offentleg sektor.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.