Bør grensa mellom Finnøy og Hjelmeland kommune, på øya Ombo, endrast?
Fylkesmannen i Rogaland har fått i oppdrag frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet å ta stilling til om heile øya Ombo i framtida skal tilhøyre Finnøy kommune («Nye Stavanger») eller om øya skal vere delt mellom Finnøy og Hjelmeland som i dag. Departementet skal gjere endeleg vedtak i saka.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Publisert 11.06.2018
Fylkesmannen tilrår i brev av 8. juni 2018 at kommunegrensa på Ombo mellom Finnøy og Hjelmeland blir som i dag. Denne løysinga er i samsvar med eit initiativ frå innbyggarane på Hjelmelandssida av Ombo, som har brei støtte i Hjelmeland kommunestyre.