Bør grensa mellom Forsand og Strand kommune endrast?
Fylkesmannen i Rogaland fekk i oppdrag frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet å ta stilling til eit innbyggarinitiativ om endring av grensa mellom Forsand og Strand kommune, slik at ein del av Forsand kommune på nordsida av Lysefjorden blir overført til Strand kommune.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Publisert 29.06.2018
Forsand kommunestyre har halde ei rådgjevande folkerøysting i det aktuelle området. Det var fleirtal for grensejustering. Forsand kommunestyre gjorde likevel vedtak om ikkje å tilrå grensejustering.
Fylkesmannen har lagt avgjerande vekt på vedtaket i Forsand kommunestyre og tilrår ikkje grensejustering. Les heile utgreiinga her, eller klikk på vedlegget.