Svak skatteinngang ved utgangen av mars

Tal for skatteinngangen i kommunane t.o.m. mars viser ein vekst på berre 1,5 %, mot 3,2 % for landet. Inngangen i Stavanger dreg ned, men også kommunane samla utanom Stavanger ligg under landet. Dette kan tyda på at det kan bli vanskeleg å få inn dei budsjetterte skatteinntektene i år

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 28.04.2015
 

Skatteinngang t.o.m. mars

 
 

(vekst i % frå året før)

 

 

mars 2013

mars 2014

mars 2015

Eigersund

11,4

4,5

5,4

Sandnes

10,3

5,6

3,6

Stavanger

11,5

0,8

0,3

Haugesund

10,1

4,6

0,8

Sokndal

9,9

0,0

1,8

Lund

4,9

1,6

0,0

Bjerkreim

11,0

3,8

0,5

9,8

4,4

1,8

Klepp

11,9

3,9

1,3

Time

11,3

6,3

1,8

Gjesdal

11,0

5,5

0,2

Sola

12,0

3,1

8,0

Randaberg

11,3

3,5

3,2

Forsand

0,0

7,4

-2,3

Strand

9,0

4,6

0,2

Hjelmeland

6,0

4,6

1,0

Suldal

2,1

-0,8

0,6

Sauda

9,1

0,0

15,3

Finnøy

12,2

7,1

-3,1

Rennesøy

13,5

8,1

-2,3

Kvitsøy

6,1

5,7

0,0

Bokn

11,5

0,0

3,4

Tysvær

8,5

3,3

1,2

Karmøy

6,8

3,4

1,4

Utsira

5,9

5,6

-10,5

Vindafjord

27,3

-16,5

-18,8

Rogaland

10,8

2,7

1,5

Rogaland u. Stvgr.

10,4

3,7

2,2

Landet

7,3

2,9

3,2

Det er nærliggjande å sjå svikten i samanheng med lågare aktivitetsnivå og der arbeidsløysa nå er komen opp på landsnivå.

Mars er ein viktig skattemånad og tala kan derfor gi eit haldepunkt for kva som blir den samla skatteinngangen i år. I kommuneopplegget er det rekna med ein skattevekst på 5,6 % i år. Dette kan bli endra i kommuneproposisjonen som kjem 12. mai. Samla for kommunane i fylket er det budsjettert med ein skatteauke på 4,9 %, men ein del kommunar kan ha justert ned skatteoverslaget seinare.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.