Kommunestrukturen i Rogaland: Stor undersøking til alle kommunane
Det blir nå gjennomført ei brei nettbasert spørjeundersøking i alle rogalandskommunane. Dette er det første leddet i ein samarbeidsavtale me har gjort med forskingsinstituttet NORCE knytt til kommunestrukturen.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Spørsmåla er retta til politiske representantar, administrative leiarar og tillitsvalde i alle kommunane. Totalt blir 2 000 personar i Rogaland spurte.
Korfor spørjeundersøking?
Fylkesmannen er opptatt av at innbyggarane våre skal ha tilgang til gode kommunale tenester, at me skal ha eit levande folkestyre og at dei skal ha best moglege vilkår for å bidra til at kommunane meistrar oppgåvene sine. For å få eit godt kunnskapsgrunnlag om kva det bør leggast vekt på i kommunane, om ulike syn på kommunestrukturen og på utfordringane i kommunane, gjennomfører me denne kartlegginga.
God deltaking gir oss det beste grunnlaget
Det er viktig at så mange som mogleg svarer slik at me får eit godt og representativt bilete av dei ulike haldningane i fylket. Me oppfordrar derfor alle som er kontakta per e-post til å svara på undersøkinga.
Me gjer merksam på at alle svara blir behandla fortruleg, i tråd med Datatilsynet sitt regelverk.
Svarfrist 10. april
Det er sett ein førebels frist til 10. april for å svara på undersøkinga. Spørjeskjemaet skal vera enkelt å bruka. Det tar om lag 15–20 minutt å svara.
Kommunekonferanse 18. juni
Resultata frå undersøkinga blir presenterte på ein open kommunekonferanse 18. juni. Me kjem tilbake med meir informasjon om konferansen i løpet av april, men hald gjerne av dagen alt nå.