AVLYST. Rullering av Regionalt miljøprogram i Rogaland, temamøte om kulturminne og kulturmiljø

Dato:
13. september 2022 09:30 - 11:30
Stad:
Digitalt på Teams
Arrangør:
Statsforvaltaren i Rogaland og Rogaland fylkeskommune
Målgruppe:
Folk og organisasjonar som arbeider med kulturminne, eller som berre er interessert i temaet. Bønder og lokale bondelag er spesielt invitert.
Påmeldingsfrist:
12. september 2022 12:00
Skammelen på Rossland, eit av mange tusen kulturminne i Rogaland. Foto: Steinar Nordvoll

Møtet er avlyst, og blir erstatta med faginnlegg og diskusjon under tilskotssamling 21. september for kommunal landbruksforvaltning. 

Publisert 07.07.2022

Kvart år får bønder i Rogaland over 1,4 millionar kroner i regionalt miljøtilskot for å skjøtte automatisk freda kulturminne. Nå rullerer vi vårt regionale miljøprogram, og det er tid for å sjå både bakover og framover på status og utviklingstrekk. Bli med på temamøte og høyr om historia til Rogaland, og nytt sjansen til å påverke bruken av over 66 millionar kroner!

Kulturminne og kulturminne er eit av fleire miljøtema i Regionalt miljøprogram i Rogaland. Jordbruksføretak kan søkje tilskot til å skjøtte areal med automatisk freda kulturminne. I 2021 blei det gitt tilskot til skjøtsel av over 4000 dekar og til over 2400 gravminne. Truleg er det potensial for fleire søknadar. Dessverre er seterbruken laber i Rogaland. Vi har berre eit bruk som får regionalt miljøtilskot til mjølkeproduksjon på seter. 

På temamøtet ønsker vi å få fram det spesielle med Rogaland, vår historie og status for kulturminna. Vi ønsker også å få innspel på innretting av regionalt miljøtilskot og andre regionale virkemiddel. 

Førebels program

  • Velkomen og informasjon om rullering av Regionalt miljøprogram i Rogaland. Monica Dahlmo, seniorrådgivar hos Statsforvaltaren. 
  • Faginnlegg:
    • Kvifor er Rogaland så spesiell i kulturminne-samanheng?
    • Kvifor skal vi drive skjøtsel, og korleis gjere det på ein god måte?
    • Attgroing – ei utfordring for kulturminna
  • Dialog: 
    • Berre heft eller også litt kjekt? Bønder er viktige for skjøtsel av kulturminna, korleis fungerer tilskota i Rogaland?

Rullering av Regionalt miljøprogram i Rogaland

Alle landbruksføretak i Rogaland kan søke tilskot for å gjere miljøtiltak på eigen gard eller leigejord. Regionalt miljøprogram definerer kva slags ordningar som gjeld i Rogaland. Døme på ordningar i dagens program er tilskot til turstiar på/ved jordbruksareal, tilskot til gjødsling med miljøvenleg spreieteknikk, tilskot til grasdekte kantsoner langs vassdrag og tilskot til skjøtsel av bratt jordbruksareal. Økonomisk ramme i Regionalt miljøprogram blir bestemt i dei årlege jordbruksoppgjera, og for søknadsomgangen 2022 har vi 66,4 millionar kroner til disposisjon. 

Ny programperiode for Regionalt miljøprogram er 2023–2026. Saman med Rogaland bondelag og Rogaland bonde- og småbrukarlag og andre regionale aktørar skal Statsforvaltaren utarbeide nytt program. I forkant av høyringa inviterer vi til opne temamøte.

Interessert?

Møtet er gratis og opent for alle interesserte. Du melder deg på ved å fylle ut skjemaet. Link til teamsmøtet blir sendt til alle påmeldte rett i forkant av møtet. 

  •  
Dato:
13. september 2022 09:30 - 11:30
Stad:
Digitalt på Teams
Arrangør:
Statsforvaltaren i Rogaland og Rogaland fylkeskommune
Målgruppe:
Folk og organisasjonar som arbeider med kulturminne, eller som berre er interessert i temaet. Bønder og lokale bondelag er spesielt invitert.
Påmeldingsfrist:
12. september 2022 12:00