Markdag målretta beiting
- Dato:
- 10. juli 2023 10:00 - 12:00
- Stad:
- Anny Aamodt og Olav Aasland, Åslandsvegen 255, Kvernaland
- Arrangør:
- NLR Rogaland og Regenerativt Norge
- Målgruppe:
- bønder, rådgjeving, landbruksforvaltning
Ønsker du å auke jordhelse, binde karbon og utnytte beite betre? Kom på markdagen!
Målretta beiting viser seg å vere ein effektiv måte å få sving på økosystem prosessane – som i sin tur leiar til meir karbonbinding i og over jorda, samt velfungerande lokale kretsløp. Når jord- og økosystemhelse er i balanse, gir det betre grunnlag for økonomisk tryggleik for bonden.
Agroøkolog Anders Kopstad frå foreninga Regenerativt Norge blir med på markdagen. Han er godkjent veiledar i Holistic Management frå Savory Institute, og vil orientere om verktøy for målretta beiting som ein del av Holistic Management.
Velkomen til beitevandring og erfaringsutveksling!
Servering av kaffi, te og kjeks. For medlemmer i NLR er det gratis. Ikkje medlemmer i NLR kostar kr 300 per brukseining.
Les her om markvanding på NLR si nettsida.
Arrangør: Norsk Landbruksrådgiving Rogaland og prosjektet målretta beiting.
- Dato:
- 10. juli 2023 10:00 - 12:00
- Stad:
- Anny Aamodt og Olav Aasland, Åslandsvegen 255, Kvernaland
- Arrangør:
- NLR Rogaland og Regenerativt Norge
- Målgruppe:
- bønder, rådgjeving, landbruksforvaltning