Fleire bønder planlegg omlegging til SPF– gris i Rogaland
Olav Tjelta, prosjektleiar i prosjektet "Friskare gris med SPF– Rogaland og Vestland", har no klart eit kart for områdesanering, og er i kontakt med fleire grisebønder som planlegg for SPF– status i 2023.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Klar med kartlegginga
I Rogaland ligg brorparten av grisebesetningane med korte avstandar mellom seg. Det gjer arbeidet med kartlegging og koordinering ekstra viktig for å lukkast med omlegging til SPF.
Kart over alle griseprodusentar delt inn i risikosoner for luftboren smitte er no ferdig utarbeidda. Kva sone garden ligg i, gir eit bilete av både risiko, men også arbeidsomfanget i planlegging for sanering.
I risikosona
Ligg produksjonen i eit område med høg risiko, kan det forsett vere mogleg med omlegging til SPF– gris. Prosjektleiar fortel at eit saneringsteam vil vurdere både moglegheiter for utbetringar av bygningar og korleis dei er plasserte i terrenget. Begge delar vil påverke grad av risiko for resmitte.
Kvart bruk blir vurdert
Ein er no godt i gang med besøksrundar til aktuelle produsentar, der ein gjer nøye vurderingar av kva tiltak som trengs for å redusere moglegheiter for resmitte etter sanering. Spesielt er dette viktig der full områdesanering ikkje lar seg gjere.
Produsentar som ønskja kan også få eit prisoverslag som viser kostnader og inntening med omlegging, seier Tjelta.
Fleire SPF– besetningar i Rogaland
Prosjektleiar Olav Tjelta opplyser at det pr. dags dato er 7 smågris/ kombinertbesetningar, samt eit nav med tilhøyrande satellittbesetningar som no er i gong med planlegginga for omlegging til SPF– gris. Totalt vil dette utgjer 20 grisebesetningar medrekna slaktegrisbesetningane som blir påverka av omlegginga. Fra før er det 65 grisebesetningar i Rogaland med SPF– gris.
Kva er ein SPF– besetning ?
SPF står for «Spesifikk Patogen Fri», og brukast som forenkla namn på gris og besetningar som er fri for spesifikke sjukdomsbringande smittestoff. SPF– grisen er blant anna fri for APP, som er forkorting for namnet på bakterien som kan forårsake betennelse i lunge- og brysthinne hos gris. For å bli fri for APP, må besetningene sanere og slakte ut heile grisebesetninga, og starte på ny med SPF– gris.