Fleire pelsdyrbønder har omstilt til nye produksjonar, trass utfordringar med erstatninga
Pelsdyrproduksjonen er på veg til å bli historie i Rogaland. Det som var ei viktig inntektskjelde og som ga fleire bein å stå på for mange oppdrettarar, må nå erstattast med noko anna.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Rogaland var det største pelsdyrfylket med om lag 33 prosent av føretaka og nær 50 prosent av verdiskapinga. I toppåret 2013 bidrog pelsdyrnæringa med 250 millionar kroner inn i det rogalandske landbruket, og skapte sysselsetting på 75 gardar rundt om i fylket. Om lag halvparten av føretaka hadde meir enn ein produksjon på garden.
Både pelsdyrnæringa og Statsforvaltaren er opptekne av å skape ny inntekt på gardane. Regjeringa stilte 100 millionar kroner til disposisjon for oppdrettarar og eigarar av anlegg som ville omstille seg. Midlane blir forvalta av Innovasjon Norge.
I Rogaland er det 30 føretak som har fått omstillingsmidlar frå 2020 og fram til i dag. Eitt føretak har fått av dei tradisjonelle Investeringsmidlar bedriftsutvikling (IBU-midlar). Fleire bønder har teke sats og fullført nyinvesteringar, eller gjort endringar i eksisterande anlegg, trass utfordringar med erstatningsordninga.
Under er det lista opp dei 13 føretaka som allereie er ferdige med omstillingsprosessen, og dette viser stor variasjon i type investeringar. Føretaka er godt fordelt i fylket.
- 4 nye mjølkefjøs, derav eitt som har fått IBU-midlar
- 2 nye ammekufjøs
- 3 nye kyllinghus, der alle i tillegg har fått ENOVA-støtte til energieffektivisering/grunnboring
- 1 ombygd sauehus
- 1 ny fruktprodusent
- 1 nytt grønsakslager
- 1 ny hav- og kystfiske
I tillegg er det gitt midlar til to mjølkefjøs, tre ammekufjøs, eitt sauefjøs, eitt tiltak innan Inn på tunet, eitt innan reiseliv og ni andre tiltak. Desse føretaka ventar i første omgang på erstatningsoppgjeret. Me håper på at minst 10 nye føretak søker om omstilling-/IBU-midlar dei komande to åra. Det er nå viktig å få avklart erstatninga slik at desse kjem seg vidare i prosessen.