Framdrift i pelsdyrsaka

Pelsdyrfarm
Pelsdyrfarm Foto: Eli Munkeby Serigstad / Statsforvalteren i Rogaland.

Per 31. oktober har 83 pelsdyroppdrettarar i Rogaland mottatt forskot på erstatning, sju ventar framleis. Over eitt år er gått sidan dei søkte.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 03.11.2023

Landbruksdirektoratet har informert om at arbeidet med å rekne ut endeleg erstatning så vidt har kome i gang.

Mange av oppdrettarane i Rogaland satsa tungt på pelsdyrproduksjon og har investert betydelege summar i anlegg. I mai 2021 blei det vedtatt i Stortinget at oppdrettarane skulle få full erstatning, og at fleire kunne ha rett på erstatning. Ny lov om erstatning blei gjeldande frå 25. mars 2022.

På grunn av at erstatninga trekk ut i tid, tilbyr Landbruksdirektoratet forskot (2. runde med utbetaling) for å redusere den økonomiske belastninga. For dei aller fleste oppdrettarar er det ei tung bør å betale på lånerenter, forsikring og vedlikehald på anlegga.

Landbruksdirektoratet har sidan i fjor haust tatt søknadene opp til behandling (272 søknader på landsplan). Direktoratet har behandla 83 av 90 søknader frå Rogaland og har sendt ut tilbod om forskot til 67 oppdrettarar og eller eigarar av anlegg, og 16 har fått avslag.

Tidlegare utbetaling

72 pelsdyroppdrettarar frå Rogaland fekk utbetalt 215 millionar kroner i kompensasjon for avvikling av næringa i 2020 – 2022 (1. runde med utbetaling).

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.