Friskare gris med SPF i Rogaland

Purke med smågris.
Vi har frisk gris i Noreg, men med SPF blir det ennå betre. Foto: Norsvin.

I Rogaland og Vestland har Norsvin starta prosjektet "Friskare gris med SPF-Rogaland og Vestland". Kort avstand mellom besetningane gjer det ekstra viktig med brei involvering og koordinering for å lukkast med omlegging til SPF. 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 16.02.2021

Kvifor må vi snakke om SPF?

SPF står for «Spesifikk Patogen Fri», og brukast som forenkla namn på gris og besetningar som er fri for spesifikke sjukdomsbringande smittestoff. SPF-grisen er blant anna fri for APP, som er forkorting for namnet på bakterien som kan forårsake lunge- og brysthinnebetennelse hos gris. For å bli fri for APP må besetningane sanere og slakte ut heile grisebesetninga, og starte på ny med SPF-gris. God dyrehelse og dyrevelferd er grunnleggande verdiar for norsk husdyrhald. Omlegging til SPF gir betre dyrehelse og velferd, men omlegging aukar òg konsekvensen av smitte.

Nytt prosjekt

I Rogaland ligg grisebesetningane tett, spesielt på Jæren. Det er både kunnskap om og erfaring med luftsmitte innanfor ein viss avstand. Derfor involverer omlegging til SPF ofte fleire partar, både bønder og omsetning/transport av dyr i nabolaget. Gjennom prosjektet «Arbeid for god dyrehelse og dyrevelferd i Rogaland» som heile næringa er samla om, har behovet for eit koordinert arbeid for omlegging til SPF vore tema. Eit mål i prosjektet er at alle besetningar og grishus med SPF status får ein markør i temakart-rogaland.no, slik at det mellom anna blir lettare å måle avstandar og vurdere risiko for smitte. Ut av dette har prosjektet «Friskere gris med SPF-Rogaland og Vestland» starta. Prosjektet er eigd og skal drivast av fylkeslaga Norsvin Sørvest og Norsvin Sogn og Fjordane. Det blir tilsett ein prosjektleiar som skal hjelpe til med å planlegge konkrete saneringar, og kartlegge og planlegge områdesaneringar.

Omlegging til SPF er ei investering. Svinenæringa har over tid vore hardt pressa med overproduksjon og dårlege økonomiske rammer. Det har ikkje gitt rom for investeringar, og mange har opplevd ei usikker framtid. Difor er det mellom anna ein viss skepsis når det blir snakka om investering i purkene, helsa og grisen, sjølv om reknestykka viser god tilbakebetaling på investeringa. Frykta for re-smitte i dyretette område gjer det ikkje lettare. Næringa arbeider for at staten skal bidra økonomisk til bønder som legg om til SPF, for eksempel med tilskot per purke ved sanering. Vi trur òg at ei slik tilskotsordning er viktig for å lukkast.

Så kvifor må vi snakke om SPF?

Koordinert saneringsarbeid blir avgjerande for å lukkast. Det er ein kjede av handlingar som gir konsekvensar for fleire. Nokre sanerer besetninga på grunn av sjukdom. Andre ønsker å sanere for å investere i purkene og få betre økonomisk resultat. Avlsbesetningar skal bli SPF innan kort tid og må sanere. Det vil vere behov for nye SPF avlsbesetningar som kan levere SPF livdyr. Summen av dette er at ingen startar i dag utan SPF, og det har det heller ikkje blitt gjort dei siste 10-15 åra. Faren for re-smitte må eliminerast gjennom områdesanering og kontrollert omsetning av gris.

Grisen er viktig for Rogaland. God dyrehelse og dyrevelferd er avgjerande. Vi gler oss til å sjå resultata av prosjektet «Friskare gris med SPF-Rogaland og Vestland. De kan lese meir om tema i Bondevennen i artiklane « SPF er ingen porselensgris» og «Trur på SPF innan 2030». 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.