Frist for etterregistrering er 10. januar!

Dersom du har søkt om produksjonstilskot eller tilskot til avløysing ved ferie og fritid i oktober, kan du etterregistrere nokre opplysningar. Ver merksam på at registrering må skje innan 10. januar!

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 05.01.2023

Følgande opplysningar kan du registrere innan 10. januar:

  • Utgifter til avløysing som føretaket har hatt etter 15. oktober
  • Dyr sanka frå utmarksbeite etter 15. oktober
  • Livdyr av kylling og kalkun som er selde etter 15. oktober
  • Rugeegg levert til rugeri etter 15. oktober
  • Frukt, bær, veksthusgrønsaker og salat på friland som er selde etter 15. oktober

Korleis registrere opplysningane?

Etterregistrering skjer i same søknadsskjema som er sendt inn tidlegare. Klikk på knappen "endre og lever søknaden" og gjer endringane du ynskjer i Altinn. 

Hugs at du må ha levert søknad i oktober for å kunne etterregistrere opplysningar. Har du spørsmål må du ta kontakt med landbruksforvaltninga i kommunen. 

Sjekk kvitteringa!

Hugs å sjekke at du har fått tilsendt kvittering etter at du har trykt «Send inn». Kvitteringa får du tilsendt i Altinn, og dette er din dokumentasjon på at etterregistreinga er levert inn. Fristen for etterregistrering er absolutt, og opplysningar sendt inn etter fristen kjem ikkje med i utbetalinga. Vi oppmodar søkjarar om å registrere opplysningane i god tid før 10. januar. Då rekk du kontakte kommunen dersom du får problem med registreringa.

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.