Hald klauvane reine og bruk klauvboks

Klauvsjukdommen digital dermatitt er på frammarsj i Noreg, og innsatsen til bøndene er avgjerande for å halde den i sjakk.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 25.11.2020

På nettmøtet om digital dermatitt (DD) sist veke kom det fram at sjukdommen ofte har eit mildt klinisk forløp i norske mjølkekubesetningar, men forskarane rådde bøndene til ikkje å ta for lett på situasjonen. Sjukdommen aukar i våre nordiske naboland, og i Danmark er DD påvist i nær 100 % av mjølkekubesetningane samstundes som dei slit med fleire typar, og meir aggressive bakteriar.

Det 4 -årige forskingsprosjektet «Digital dermatitt hos norske melkekyr – en smittsom klauvsjukdom som truer dyrevelferden» er på oppløpsida og på nettmøtet blei resultata så langt presentert. Føredragshaldarar var professor ved NMBU Veterinærhøgskolen Terje Fjeldaas, doktorgradsstipendiat Lina Ahlén og spesialveterinær Åse Margrethe Sogstad frå Animalia.

Fylkesmannen gav i 2017 støtte til å utvide forskingsprosjektet. Grunnen var at vi ønska meir kunnskap om situasjonen i Rogaland. Vi ville òg å involvere fleire veterinærar, bønder, klauvskjerarar og rådgivarar for å kunne spreie kunnskap om DD og smittevern på ein meir effektiv måte.

Rask spreiing av DD i norske mjølkekubesetningar

Tal frå Kukontrollen (database over helse, avdrått etc) viser at sjukdommen spreier seg raskt.

2016: 138 besetningar med DD
2018: 472 besetningar med DD
2019: 1222 besetningar med DD fram til nov 2019
2020: 1330 som fram til mai har / har hatt DD

Tal besetningar med DD er truleg enda høgare, fordi ein del klauvskjerarar ikkje rapporterer sine funn, og små lesjonar og lesjonar i klauvspalten ikkje blir oppdaga på grunn av gjødsel og mangelfull reingjering og inspeksjon av klauvene.

Det er hittil få registrerte tilfelle på kjøtfe i Noreg, men klauvskjeringsrutinane er ofte mangelfulle.

Store skilnader mellom fylka

I 2018 blei det innrapportert totalt 472 besetningar med DD via Kukontrollen. Dette er dyr som på eit tidspunkt har hatt/har DD.

Trøndelag har flest besetningar med nær 160. Så følger Rogaland med nær 140 besetningar og Innlandet med nær 70 besetningar. Alle dei andre fylka ligg under 30 besetningar.

Forklaringa på dei store forskjellane er at Trøndelag, Rogaland og Innlandet er dei tre mest dyretette områda i Noreg, samstundes som funn heng saman med kor ofte det gjerast registreringar av dyr av veterinær eller klauvskjerar.

Mange besetningar med få smitta dyr

I løpet av dei ni første månadene i 2019 blei det registrert 372 nye besetningar med DD. Derav 143 besetningar med 1 dyr og 17 besetningar med ≥ 10 dyr.

Håp om å halde DD i sjakk

Truleg blir det vanskeleg å eliminere DD, meiner professor Terje Fjeldaas. Med god overvaking og målretta tiltak trur forskaren at det er mogleg å avgrense spreiinga mellom besetningane og halde omfanget og det klinisk «bilete» i besetningane på eit mildt nivå, men han er noko usikker.

Klauvskjering må til

Lina Ahlèn, doktorgradsstipendiat ved NMBU veterinærhøgskolen, har testa tankmjølk, gjennomført spørjeundersøking og feltforsøk samt samla inn klauvar frå slakteri.

Tankmjølkstudien viser at metoden ikkje er god nok, og at undersøking og registrering av klauvskjering foreløpig er den mest sensitive metoden for overvaking av DD på besetningsnivå.

Spørjeundersøkinga er ikkje ferdig analysert ennå, og på grunn av redusert analysekapasitet i Danmark (corona) er ikkje klauvane ferdig analyserte.

Krev grundig opplæring

Slaktebein kan brukast for å diagnostisere DD. Det er vanskeleg å skilje mellom aktive og kroniske lesjonar på grunn av blødingar, men lett å sjå om dyret har DD eller ikkje. Undersøking av slaktebein krev grundig opplæring i
diagnostikk. Mest sannsynleg er dette ein metode som er alt for ressurskrevjande for å kunne gjennomførast i større omfang på slakteria.

Krav om livdyrattest ved kjøp av dyr

Lina Ahlèn oppmode bønder om å vere smarte – du som bonde må beskytte fjøset ditt mot smitte! Vi har alle eit ansvar for å beskytte våre eigne og andre sine dyr mot DD. Ver ærleg ved sal av dyr og ver smart ved kjøp av dyr.

Korleis avdekke DD

Den mest effektive metoden er bruk av klauvboks. Tilgang til rennande vatn er viktig for å oppdage dei små lesjonane i klauvspalten og bruk godt lys.

Les meir om DD på heimesidene til Animalia.

Nettmøte om Digital dermatitt blei arrangert av NMBU Veterinærhøgskolen og Fylkesmannen i Rogaland.

 

 

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.