Hestemøkk – krav til lagring
Statsforvaltaren får av og til spørsmål frå kommunane om regelverket for lagring og bruk av hestegjødsel. Korleis skal ulovlege deponi følgast opp?
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Same regelverk for all husdyrgjødsel
Dei som held hest må anten bruke hestegjødsla på eige areal, levere den til godkjend mottak eller levere til nokon som skal bruke gjødsla på sine areal. Regelverket krev at det minimum er to dekar spreieareal per vaksen hest. Bønder som vil ta imot hestegjødsel må difor ha tilstrekkeleg spreieareal slik at behovet for mellomlagring blir minimalt. Bruken av gjødsla skal gå fram av ein årleg gjødslingsplan, og det skal vere skriftleg dokumentert kor mykje gjødsel som er levert og tatt imot. Det er forbode å bruke husdyrgjødsel på utmarksareal.
Lagring av hestegjødsel
Hestegjødsel har som regel meir enn 25 prosent tørrstoff. Det er difor tillate å lagre den direkte på bakken så framt det ikkje medfører fare for forureining. Haugen skal skjermast mot overflatevatn, og kommunen kan stille krav om skjerming mot nedbør. Lagringsplassen skal vere slik at det er enkelt å handtere og fjerne gjødsla. Lagringsplassen skal heller ikkje vere på flaumutsett areal, eller ligge nært vassdrag.
Hestegjødsel skal berre mellomlagrast før den blir tatt i bruk til t.d. gjødsel eller jordforbetring. Den skal ikkje bli liggande i langvarige deponi.
Avfall eller ressurs?
Avfall er ressursar på avvege. Dersom hestemøkka ikkje blir brukt og berre blir liggande, kjem det inn under avfallsregelverket. Av og til ser vi at hestegjødsel blir liggande i langvarige deponi som anten er skjemmande eller utgjer ein forureiningsfare. Dette er dermed i strid med både forskrift om organisk gjødsel og forureiningslova. Aktørar som tek i mot større mengder gjødsel enn det som inngår i den årlege gjødslinga av disponert jordbruksareal, skal vere godkjend av Statsforvaltaren og av Mattilsynet. Dette følger av § 29 i forureiningslova, som stiller krav til at den som driver opplagsplass eller anlegg for behandling av avfall som kan medføre forureining eller virke skjemmande, må ha tillating.
Slik kan kommunen følge opp ulovlege deponi
Kommunen fører tilsyn med at krava til lagring og bruk av husdyrgjødsel blir følgt, jamfør forskrift om gjødselvarer mv. organisk opphav. Leiar av verksemder, t.d. hesteeigarar, har plikt til å legge fram dei opplysningane som er nødvendige for kommunen sitt tilsyn. Kommunen kan pålegge retting av forhold som er i strid med forskrifta. For å sikre gjennomføring kan kommunen pålegge tvangsgebyr i medhald av forureiningslova § 73, eller be Statsforvaltaren om å pålegge tvangsgebyr etter jordlova § 20. Tvangsmulkt kan vere eit eingongsbeløp, eller fortløpande mulkt. Kommunen sitt tilsyn ute hos verksemdene skal følge reglane i forvaltningslova § 15.
Her er eit forslag til korleis kommunen kan følge opp ulovlege deponi. Her er det foreslått å i første hand gi tilbakemelding i form av ein rapport og frist for utbetring. Kommunen kan, etter å ha vore på tilsyn, velje å gå rett på pålegg om utbetring med varsel om tvangsmulkt.
- Kommunen får melding om deponi
- Kommunen reiser ut på tilsyn og konstaterer dei faktiske tilhøva med m.a.:
- Bilete
- Markering på kart
- Estimat av mengd og innhald
- Vurdering av fare for forureining.
- Rett etter synfaringa skriv kommunen rapport som blir sendt til vedkommande. Rapporten inneheld:
- bakgrunn for synfaringa
- oversikt over aktuelt regelverk
- frist for tiltak og eventuell innsending av informasjon. Kommunen kan sette separate fristar for ulike tiltak. Det er forventa at verksemda straks endrar rutinane slik at eventuell ulovleg deponering opphører. Frist for eventuell fjerning av ulovleg deponert gjødsel må vurderast ut frå forureiningsfare og praktiske tilhøve. Dersom gjødsla skal nyttast på spreieareal må det skje i lovleg spreieperiode.
- informasjon om at vedkommande kan komme med uttale innan ein gitt frist.
- Etter gitt frist konstaterer kommunen om det er gjort retting eller ikkje. Dersom retting ikkje er gjort følger kommunen opp saka. Kommunen vurderer om det er behov for telefonkontakt, møte og liknande.
Dersom retting framleis ikkje er gjort:
- Kommunen pålegg med heimel i § 32 i forskrift om organisk gjødsel vedkommande å rydde opp, og varslar samtidig vedtak om tvangsmulkt etter forureiningslova § 73. Brevet inneheld:
- Historikk og oversikt over situasjonen.
- Heimelsgrunnlag for å pålegge retting og tvangsmulkt
- Informasjon om kva vedtak om tvangsmulkt vil innehalde. Det må kome klart fram kva vedkommande kan gjere for å unngå tvangsmulkta.
- Frist for innsending av dokumentasjon på at gjødsla er levert til godkjend mottak, eller annan dokumentasjon på at det er gjort retting.
- Frist for uttale (1 – 2 veker).
- Etter uttalefristen fattar kommunen vedtak om tvangsmulkt, så framt dei ikkje har nye opplysningar som endrar saka. Her vises det til same frist som i pålegg om retting. Vedtak om tvangsmulkt er eit enkeltvedtak som mottakaren kan klage på. Kommunen viser til at hovudregelen i forvaltningslova § 42 er at klage over enkeltvedtak ikkje gis utsettande verknad, og at det betyr at tvangsmulkta (så framt ikkje noko anna er bestemt) går uavhengig av om vedtaket blir påklaga eller ikkje.
Avkorting av produksjonstilskot
Dersom det er eit føretak som mottek produksjonstilskot som er ansvarleg for ulovleg disponering av husdyrgjødsel skal kommunen vurdere å avkorte tilskotet. Landbruksdirektoratet utarbeider årleg rundskriv som gir retningsliner for korleis kommunen skal handtere avkorting av produksjonstilskot ved brot på regelverk for jordbruksproduksjon.
Artikkelen er oppdatert 17.08.2022.