Innmarksbeite under kraftliner er ikkje spreieareal for husdyrgjødsel
Det er i utgangspunktet ikkje høve til å gjødsle innmarksbeite med husdyrgjødsel eller annan organisk gjødsel. Bøndene kan søke kommunen om å godkjenne innmarksbeite som spreieareal. Kommunen må då vurdere behovet for gjødsling opp mot omsyn til biologisk mangfald, vassmiljø og samfunnssikkerheit. Føringane er at areal under kraftliner ikkje skal godkjennast.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Føringane har vore praktisert sidan regelverket for husdyrgjødsel blei lansert, og er nedfelt i handbok for godkjenning av spreieareal på innmarksbeite. Kommunane bruker handboka når dei vurderer søknadar om godkjenning. Statsforvaltaren i Rogaland kan etter forskrift om organisk gjødsel, sette vilkår for sine føringar for kommunane for godkjenning av spreieareal på innmarksbeite.
Utdrag frå forskrift om organisk gjødsel:
innmarksbeite er areal som blir benyttet som beite, og som ikke kan høstes maskinelt. Arealet skal være avgrenset med permanent gjerde mot utmark, med mindre området har naturlige avgrensninger som elver, fjell og lignende. Innmarksbeite er avgrenset areal fratrukket restarealer av skog, sumper, dammer og fjell som pr. enhet er større enn 0,5 daa. Minst 50% av innmarksbeitet må være dekket av nyttbare grasarter. Alt nytt areal skal godkjennes av kommunen i hvert enkelt tilfelle. Statsforvalteren kan fastsette ytterligere krav der dette er formålstjenlig.
Nye kraftliner over innmarksbeite
Dersom det blir etablert kraftliner på innmarksbeite som allereie er godkjend som spreieareal får det konsekvens for godkjenninga. Vedtaket blir utdatert når dei faktiske tilhøva vedtaket er bygd på er vesentleg endra. Nye kraftliner er ei vesentleg endring. Det betyr at bonden ikkje lenger kan nytte arealet som spreieareal for husdyrgjødsel før ny vurdering er gjort, og eventuelt ny godkjenning er gitt.
Nytt regelverk for bruk av husdyrgjødsel
Forskrift om organisk gjødsel er under revisjon. Bruk av husdyrgjødsel på innmarksbeite er eit av fleire tema i revisjonen. Statsforvaltaren i Rogaland venter med å revidere handboka til nytt regelverk er på plass.
Kontaktpersonar
-
Monica Dahlmo
Tlf: 51 56 89 66