Ny rapport med faggrunnlag for gjødselvareforskrifta
I eit nytt arbeid med faggrunnlaget for gjødselvareforskrifta har det blitt sett på avlingsnivå og fosforbalansar i Rogaland, utvikling av fosfortal i jord og potensialet for å endre fosforinnhaldet i kraftfôr. Det er foreslått ulike tiltak for å redusere fosforutsleppet frå storfeproduksjonen i Rogaland.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Arbeidet er utført av Harald Volden, NMBU i samarbeid med Helga Hellesø i Rogaland landbrukspark, Håkon Pedersen og Målfrid Grødheim Njærheim frå NLR Rogaland, bonde Jørn Viste, Stein Lima frå Felleskjøpet Rogaland Agder, Norolf Husveg frå Tine rådgiving og medlemsservice og Monica Dahlmo frå Statsforvaltaren i Rogaland. Rapporten er utarbeidd med økonomisk støtte frå Rogaland fylkeskommune, Rogaland landbruksselskap, Rogaland landbruksråd og Forum ku.
Stabile fosfornivå i jordbruksjord
I prosjektet blei det henta inn samtykke til bruk av over 9000 jordanalysedata frå 434 ulike føretak. Undersøkingane viser ingen signifikante endringar av fosforstatus i jord mellom åra 2004 og 2022. Funna samsvarer med tidlegare undersøkingar tilbake til 1965, og viser at fosfor i jord målt som P-Al har vore relativt uendra dei siste 55 åra.
Fosforbalanse på gardsbruk
I prosjektet er det sett på avlingsnivå og fosforinnhald i grovfôr i Rogaland. Det ble funne klar samanheng mellom innhald av råprotein og fosfor i gras, noko som viser at gras i intensiv vekst med høgt proteininnhald har høgare innhald av fosfor. Berekna uttak av fosfor gjennom avling er høgare enn i tidlegare rapportar. Avlingsnivå og fosforinnhold i grovfôr påverkar fosforbalansen, og kva tal som blir brukt er svært sentralt når framtidig gjødselregelverk skal vurderast.
Mogleg å redusere fosforinnhald i kraftfôr
Fosforinnhaldet i kommersielle kraftfôrblandingar er standardisert. Felleskjøpet Rogaland Agder har fått utført simuleringar for å vurdere korleis innhaldet av fosfor i kraftfôr påverkar utskiljinga av fosfor i gjødsel og urin hos ulike dyreslag. Undersøkingane viser at det er mogleg å justere fosforinnhaldet i kraftfôr slik at fosforinnhaldet i gjødsla blir redusert. Det er samstundes viktig å kjenne til fosforinnhaldet i grovfôret.
Behov for kontinuerlege oppdateringar av kunnskapsgrunnlaget
Talgrunnlaget Landbruksdirektoratet sitt forslag til ny gjødselvareforskift byggjer på er allereie 10 år gamalt. Dyremateriale, kunnskap om dyra sitt næringsbehov og fôrteknologi blir stadig oppdatert, og påverkar utskilt fosfor per dyr. Det er difor behov for kontinuerleg vurdering og oppdatering av gjødseldyrnormane. I prosjektet er det difor foreslått å legge talgrunnlaget for utskilt fosfor per dyreslag på utsida av sjølve forskrifta, slik at det er lettare for forvaltninga å halde dette oppdatert.
Kontaktpersonar
-
Monica Dahlmo
Tlf: 51 56 89 66