Regelverk kring oppføring av nytt frittliggande gjødsellager
Søknad om å byggje nytt gjødsellager skal sendast til kommunen gjødsellageret skal ligge i. Kommunen skal behandle saka både etter plan- og bygningslova og etter forskrift om organisk gjødsel.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Plassering av gjødsellageret
Gjødsellager skal ikkje plasserast på flaumutsette område, eller så nært vassdrag, brønn eller anna vassforsyning at det kan gi fare for forureining. Kommunen kan i sin kommuneplan ha gitt ytterlegare retningsliner for kvar gjødsellager kan førast opp.
Tett konstruksjon og system for tilsyn
Gjødsellager skal ha tette konstruksjonar i golv, veggar, portar, luker, uttappingsrør, spjeld med meir. Det er plikt til å jamleg føre kontroll med at lageret fungerer og er tett mot lekkasje. Kring gjødsellager skal det difor vere drenering som blir ført via ein inspeksjonskum før videre avløp. Inspeksjonskummen må være slik at det lett kan takast ut prøver av drensvatnet. Tidlegare var krav om inspeksjonskum spesifisert i forskrift om husdyrgjødsel. I gjeldande forskrift om organisk gjødsel er ordlyden «plikt til å føre kontroll», som både inkluderer rutinar og fysisk tilrettelegging for kontroll. Kommunen bør spesifisere oppføring av inspeksjonskum når dei behandlar saker om godkjenning av gjødsellager.
Byggemateriale som veljast må vere bestandig mot ekstreme prosessar for nedbryting. Karbondioksyd, hydrogensulfid og ammoniakk samanblanda i eit fuktig miljø, og vidare klorid og fukt på overflata frå land og gjødsel, stiller store krav til både materialval og detaljer i utføring av konstruksjonane. Belastninga blir enda større dersom lageret blir tilført pressaft. Nedbrytingsmekanismar og skadeprosessar er i hovudsak syretæring og armeringskorrosjon, og det er nødvendig å jamleg sjekke status.
Noregs bondelaget har utgitt eit hefte (frå 2002) om korleis førebygge og utbetre betongskadar i gjødselkjellarar, som også gir råd om eigenkontroll av gjødsellager. Heftet er å finne på denne nettsida: EK1550 Bondelag A4 hefte (bondelaget.no).
Vi minnar om at innvendig tilsyn av gjødsellager må gjerast med varsemd. Husdyrgjødsel inneheld gassar som kan vere dødeleg.
Sikring av gjødsellager
Gjødselkummer skal vere tilstrekkeleg sikra gjennom heile året for å hindre ulykker. Dei som bygg opne kummar i område der det ligg snø vinterstid må ta nødvendige omsyn, og sørge for at kummen er tilstrekkeleg sikra til ei kvar tid. Dersom veggen på gjødselkummen når mindre enn 1,5 meter over terrenget, skal den ha gjerde slik at samla høgde frå terreng til toppen av gjerdet er minst 1,5 meter. Kumvegg som når meir enn 1,5 meter over terreng, skal ha klatreavviser på toppen. Kummen skal utstyrast med innvendige stigetrinn eller andre redningsinnretningar.
Kapasitet
Tilstrekkeleg lagerkapasitet er nødvendig for å kunne utnytte husdyrgjødsla best mogleg. Etter forskrift om organisk gjødsel skal det vere lagerkapasitet for minimum 8 månaders produksjon inkludert vatn (regnvatn, vaskevatn, søl frå drikkekar og liknande). Kapasiteten skal i alle tilfelle vere stor nok til at gjødsla kan lagrast fram til spreiing i lovleg spreieperiode.
Behandling etter to regelverk
Kommunen skal godkjenne plasseringa av gjødsellageret etter plan- og bygningslova § 29-4. I val av plassering skal det bli tatt omsyn til dyrka jord, landskap og arrondering. Under normale tilhøve er oppføring av gjødsellager i tråd med LNF-formålet, og skal handsamas etter reglande i plan- og bygningslova kapittel 20. Små gjødsellager under 50m2 BYA kan i nokre tilfeller vera unnteke frå søknadsplikta i kapittel 20.
Etter forskrift om gjødselvarer mv. av organisk opphav § 20 skal kommunen godkjenne plan for nybygg, utvidingar eller utbetring av lager for husdyrgjødsel. Kommunen skal vurdere om tiltaket held krava i §§ 18–20 i forskrift om organisk gjødsel. Lageret skal ikkje bli tatt i bruk før det er kontrollert og godkjend av kommunen. Kommunen skal vurdere søknaden etter begge regelverk jamfør PBL § 21-5 «Den kommunale bygningsmyndighets samordningsplikt».
Søknad om tilskot til bygging av gjødsellager
Innovasjon Norge kan støtte bygging av nytt gjødsellager, sjå: https://www.innovasjonnorge.no/no/tjenester/landbruk/finansiering-for-landbruket/tradisjonelt-landbruk/
Kontaktpersonar
-
Monica Dahlmo
Tlf: 51 56 89 66