Spreieareal-kalkulatoren er oppdatert

Kalkulatoren er eit hjelpemiddel for å berekne tal gjødseldyreiningar og krav til spreieareal etter forskrift om organisk gjødsel. Statsforvaltaren i Rogaland har nå oppdatert kalkulatoren.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 25.01.2022

Forskrift om organisk gjødsel regulerer bruk og lagring av husdyrgjødsel. Miminum krav til spreieareal er 4 dekar per gjødseldyrening, GDE. Kor mange husdyr som er å rekne som ein gjødseldyreining kjem fram av vedlegg 2 i forskrifta. GDE-kalkulatoren er til hjelp for både bonde og forvaltning for å vurdere behov for spreieareal, og er til fri bruk. 

Vi tek atterhald om eventuelle feil og manglar i kalkulatoren. 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar