Husdyrkonsesjon, konsesjonsgrense og kontroll

Intensjonen med husdyrkonsesjonsregelverket er å legge til rette for spreidd husdyrproduksjon på fleire gardsbruk. Regelverket set grense for kor mange dyr som kan slaktast og utrangerast gjennom året, og kor mange dyr ein kan ha i produksjonen til ein kvar tid.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 08.09.2020

Husdyrkonsesjonsregelverket blei sist endra med verknad 1. januar 2020. Då blei det sett grense for kor mange purker som kan utrangerast. Med utrangering meinast det slakting, destruksjon og sal av purker. Føretak som utrangerte meir enn grensene i 2017 eller 2018 kan søkje om midlertidig konsesjon

Gjeldande grenser for konsesjonsfri produksjon:

Dyreslag

Konsesjonsgrenser

Slaktekylling

280 000 omsette/slakta dyr

Kalkun

60 000 omsette/slakta dyr

Verpehøner

7 500 dyr på eit kvart tidspunkt

Slaktegris

2 100 omsette/slakta dyr

Avlspurker

105 avlspurker på eit kvart tidspunkt og
150 utrangerte avlspurker

Foredlingsbesetningar

105 avlspurker på eit kvart tidspunkt og
438 utrangerte avlspurker

Formeringsbesetningar

105 avlspurker på eit kvart tidspunkt og
220 utrangerte avlspurker

Satellitt i purkering

53 avlspurker eller 2 100 omsette/slakta slaktegriser

Nav i purkering

Inntil 450 avlspurker i navet og
1 010 utrangerte avlspurker

For verpehøne gjeld grensene for innsette til ein kvar tid. For avlspurker gjeld både innsette til ein kvar tid, og utrangerte gjennom året.

Spesielt for gris

Svineproduksjonen er planlagt produksjon med puljedrift og system. Likevel må fleire nå planlegge produksjonen meir nøye gjennom året, og planlegge rett rekruttering av ungpurker, slik at ein ikkje kjem over den nye grensa for utrangerte purker.

Det er altså nå to konsesjonsgrense besetningar som har purker til ein kvar tid må forhalda seg til. Det er utrangerte purker og innsette purker, og forholdet mellom desse og slakta gris.

  1. Konsesjonsgrensa for utrangerte purker er forskjellig alt etter besetningstype. For ei bruksbesetning med smågrisproduksjon tel f.eks. ei utrangert purke 14 slaktegris (dyreeiningar), slik at det kan slaktast og destruerast inntil 150 purker kvart år (2100/14=150). For kombinertbesetingar må ein først trekke frå slakta gris for å kunne rekne ut kor mange purker ein kan utrangere (2100 minus slakta gris delt på 14 er lik mogleg utrangering). For avlsbesetningar og nav i purkering gjeld same matematikk, men med eigne tal.
  2. Grensa for konsesjonsfri produksjon med purker og slaktegris er framleis inntil 2100 dyreeiningar, der ei innsett avlspurke tel 20 einingar i vanleg produksjon, og 40 einingar i purkeringsystem. Omsette gris over 50 kg og slaktegris over 34 kg slaktevekt, inkludert kasserte dyr, tel 1 eining kvar.

Fleksibilitet på 15 prosent over 2 år

Konsesjonsregelverket er fleksibelt med 15 prosent, tilsvarande 315 einingar/slaktegris eller 22 utrangerte purker. Det betyr at ein kan overstige konsesjonsgrensa med inntil 315 einingar eitt år mot tilsvarande reduksjon i produksjonen det påfølgjande året. 15%- regelen gjeld òg for utrangering av purker. For besetningar med purker er det til ein kvar tid summen av dyreeiningar for innsette avlspurker og utrangerte purker og slakta gris i perioden som gjeld.

Overgangsordning / søknad om midlertidig konsesjon

Besetningar som i 2017 eller 2018 har utrangert fleire avlspurker enn det er lov å gjera med den nye konsesjonsgrensa for utrangering av purker, kan søke om midlertidig konsesjon. Den midlertidige konsesjonen kan gis inntil 31. desember 2024. Frå og med 1. januar 2025 fell den midlertidige konsesjonen bort. Då gjeld det ny grense for utrangering av purker innan konsesjonsfri produksjon, alt etter besetningstype (bruksbesetning, avlsbesetning, eller purkenav). For besetningar med historisk konsesjon gjeld eigne utrekna tal for utrangering av purker. Det er viktig at besetningar som får innvilga midlertidig konsesjon til å utrangere fleire purker, må vere ferdig med reduksjonen av besetninga og tilpassing til konsesjonsgrensa på 150 utrangerte purker innan 31. desember 2024. Det betyr i praksis at allereie i slutten av 2023 må produksjonen for 2024 planleggjast.

Kontroll og utval av føretak for besøk

Fylkesmannen kontrollerer leveransedatabasen over innsette høne og purker, utrangerte purker, slakta dyr (gris, kylling, kalkun), i tillegg til kontroll på enkelte føretak. Utvalet av føretak som blir kontrollerte på garden og i bygningane, gjer vi ut frå nokre kontrollpunkt i vår risikovurdering. Føretak som slaktar mange gris og purker, både kvar for seg og i sum, og føretak med innsette purker eller høner opp mot konsesjonsgrensa, er kandidatar for kontroll.

Betaling for overproduksjon

For føretak som produserer over dei gitte grensene blir det gjort vedtak om at dei må betala standardisert erstatning for overproduksjonen. Satsane for standardisert erstatning blei sist oppdaterte i 2019, og satsane blei differensiert på både størrelse og om produksjonen har vore i ein eller fleire bygningar.

 

Dyreslag

Sats pr. dyr for produksjonen ≤ 20 % over konsesjonsgrensa  i kroner

Sats pr. dyr for produksjonen
> 20 % over konsesjonsgrensa i kroner

Slaktekylling

3,5

1,0

Kalkun

25

10

Verpehøne

100

50

Slaktegris

250

100

Avlspurke

11 250

6 000

Avlspurke i satellitt i purkering

15 000

10 000

Avlspurke i nav i purkering

1 600

1 100

Registrering av foredlings- og formeringsbesetningar

Foredlings- og formeringsbesetningane må registrerast hos Landbruksdirektoratet. Landbruksdirektoratet vil òg her utarbeide eit skjema til dette der besetningane sjølv melder inn sin status som foredlings- eller formeringsbesetning.

Informasjon om regelverket

Meir informasjon om regelverket finn de på Landbruks- og matdepartementet og Landbruksdirektoratet sine nettsider. De kan òg kontakta saksbehandlar hos Fylkesmannen for meir informasjon.

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.