Ivrige jegerar er viktige bidragsytarar for overvaking av skrantesjuka

Mattilsynet er avhengig av at ivrige jegerar tek prøve av hjortevilt for kartlegging av skrantesjuka.

Haustjakta nærmar seg og jegerane er viktige bidragsytarar i arbeidet med overvaking av skrantesjuka. Jegerar tek prøver av felt hjortevilt som testast for CWD, såkalla skrantesjuke. Dette er eit vesentleg arbeid for kartlegging av skrantesjuka i Noreg.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 02.08.2021

Kva er skrantesjuke?

Skrantesjuke er ein prionsjuke som i  Noreg blei oppdaga hos villrein og elg i 2016 og hos hjort i 2017. Sjukdomen førar til tap av nerveceller i hjernen hos dyra, og det endar alltid med døden for dyr som blir ramma. Skrantesjuka er ein B-sjukdom, og førekomst av eller mistanke skal rapporterast til Mattilsynet. Meir som skrantesjuka kan du lese på nettsida til Veterinærinstituttet.

Kartlegging og overvaking

Utbrot av skrantesjuka hos hjortevilt i Noreg har ført til eit auka behov for overvaking og kartlegging av sjukdomen i Noreg. Arbeidet med overvaking av CWD er eit samarbeid mellom Mattilsynet, Miljødirektoratet, Norsk institutt for naturforskning (NINA) og Veterinærinstituttet. Dei er avhengige av innsats frå ivrige jegerar og andre prøvetakarar som tek prøver av villrein og hjortedyr.

Gjennomføring og informasjon

Det er kommunane som er ansvarlege for å bestille og dele ut utstyret jegerar treng for prøvetaking (elg og hjort). Kommunane bestillar jegerpakkar med prøvetakingsutstyr til utstyrsbestilling@vetinst.no med kopi til hjortevilt@nina.no. Jegerar skal kontakta sin kommune for å få tilsendt prøvetakingsutstyr.

Kva dyr som skal takast prøve frå kjem fram av «Kommuneoversikt for prøvetaking av elg, hjort og rådyr 2021». Denne oversikta finn du på nettsida til hjortevilt.

 

 

 

 

 

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.